Slutt på bibelfattigdom

Misjon Sarepta kan på mange måtar kallast ein forkynnings- og opplæringsorganisasjon. Vekta ligg på bibelundervisning på Centro Sarepta og å forkynna Guds ord i Norden der det er lite eller inga forkynning. Grunnen til denne prioriteringa ligg i trua på at Bibelen er Guds ord, og at dette ordet ber i seg Andens skaparmakt til tru. Guds ord kan gjera vis til frelse, og det er berre dette ordet som kan det.

Eg har nett lese ei bok (som eg skal melda i Dagen) av grunnleggjaren av Ungdom i Oppdrag (UiO), Loren Cunningham, med tittelen «Bibelen til hele verden, nå!» Det er på mange måtar ei opplysande, tankevekkande og inspirerande bok. Cunningham fekk for mange år sidan ein visjon som å spreia Bibelen til alle husstandane på jorda. Det har vore ein leietåd i hans og UiOs arbeid. Det er eit krevjande arbeid, men i vår teknologiske tid kan det skje på mange måtar. Cunningham legg vekt på at Bibelen ikkje berre må spreiast, men det må gjevast innføring i Guds ord ved forkynning og opplæring. Det må skje i heim og forsamling, i skular og ved universitet, i kultur og vitskap.

Det er mange døme på kva bibelspreiing har hatt å seia. Cunningham fortel om ein stad det brått vart ei omfattande vekking, og det utan at det hadde skjedd noko spesielt i forkant, vart det sagt. Det undra UiO-leiaren seg over, og spurte ein som hadde vore misjonær i området, om dette. Han fortalde då at han hadde brukt 12 år til dela ut Bibelen til alle i det aktuelle området.

Også her i landet har UiO vore i spissen for å dela ut Bibelen til alle husstandane i fleire fylke, og meir vi skje. Det er ei fin tverrkyrkjeleg oppgåve, og der Bibelen vert speidd, vil Guds ord på ulike måtar over tid gjera sin gjerning.

På Centro Sarepta har vi liggjande mange biblar på arabisk. Til denne tida har vi ikkje fått delt ut så mange, men kanskje 2019 kan verta eit år der Sarepta får utfylla bibelopplæring og forkynning med bibelutdeling – og utdeling av enda fleire av Hans Erik Nissen si andaktsbok «Ett er nødvending», som vi har fått omsett til spansk.

Det finst mykje materiell fattigdom rundt omkring, og det er ein del av det diakonale oppdraget å avhjelpa dette. Parallelt med denne fattigdommen er det svært ofte ein bibelfattigdom, men denne finst også i rike land – og i såkalla kristne land. Spania er eit land prega av bibelfattigdom, både når det gjeld å ha ein bibel og å kjenna innhaldet i Bibelen. Denne fattigdommen er det ein viktig del av Sarepta sitt kall å avhjelpa. Skal vi gjera 2019 til eit år i bøn for å gjera slutt på bibelfattigdommen?

Johannes Kleppa