Frå himmelen til jorda – og retur

Mange viktige og store reiser er utførte opp gjennom historia. Nokre har vore så avgjerande at dei har gått inn i historiebøkene, særleg der det var snakk om å oppdag nye verdsdelar og nye land. Ja, folk har faktisk reist heilt til månen, og kanskje når einkvan enda lengre ut i verdsrommet med tid og stunder.

Det er likevel ei reise som overgår alle andre reiser. Ho er i ei klasse for seg sjølv. Ho er eineståande. Det er historia si desidert viktigaste reise. Den reisa skjedde då Jesus drog frå himmelen til jorda for å gjera opp for syndene våre og verta frelsaren vår. Det skjedde då han som Guds Son på underleg vis vart menneske i jomfru Maria sitt liv.

Den reisa er det ingen som kan gjera han etter, og det trengst heller ikkje, fordi han oppfylt til punkt og prikke det som var målet med reisa. Han kunne ropa ut «Det er fullbrakt!». Det er denne reisa som er grunnen til julehelga, feiringa av det som i teologien vert kalla inkarnasjonen, at Gud vart menneske til vår frelse.

Julefeiringa starta dessutan med ei jordisk reise, ei reise i historia. Det var ein liten familie som drog frå Nasaret til Betlehem for å skriva seg inn i manntalet der, og NT kan difor starta med Jesu ættetavle. Jesus var med andre ord på reise før han vart fødd, han var i Maria sin mage. Etter det måtte han reisa til Egypt for ikkje å verta drepen. Store delar av tida på jorda var Jesus på reise for å forkynna, læra, helbreda og elles gjera godt.

Det er mange religionar og religiøse oppfatningar her på jorda, og det er snakk om mange slags religiøse reiser – både historisk og symbolsk. Det er likevel berre i kristendommen det er snakka om ei reise for Guds Son frå himmelen til jorda for å ordna opp for mennesket sine synder. Det var ei reise som enda opp på Golgata, på ein kross. Sjølv om det der enda med døden, vart det ikkje «den siste reisa». Nokre bar Herren Messias til ei grav, men så viste det seg at døden ikkje kunne halda på Guds Son og Menneskesonen, fordi han sjølva var utan synd og hadde sona menneskeslekta si synd og skuld. Han stod oppatt, og farta litt rundt i Jerusalem og omegn, før han la ut på ei ny reise. Han returnerte til himmelen. Der viser han seg for Guds åsyn for vår skuld.

Det var heller ikkje hans siste reise. Den skjer når han kjem att for å døma levande og døde, for så å reisa til den nye jorda. Det vert den aller siste reisa, fordi der skal Gud bu i alle æver saman med sitt folk. Reisa via oppstoda til den nye jorda skal altså alle dei få gjera, som tek mot han som kom til jorda som frelsar, som Herren Messias. Ei reise til månen vert som ingen ting mot reisa til den nye jorda.

Johannes Kleppa