Åndssenter – bøn, bibeltillit og materialisme

Vi har fleire gonger sagt at vi ønskjer at Centro Sarepta skal vera eit åndssenter, altså ein stad der Gud får arbeida med kraft ved sitt Ord og sin Ande. På ei medarbeidarsamling på senteret vart vi nettopp minna om at det ikkje gjer seg sjølv – og at det heller ikkje er sjølvsagt at det vert slik, trass i at ein ønskjer det.

Det vart minna om at i kvart menneske er det eit åndssenter – mennesket sitt hjarta. Kva åndssenter det er og vert, er avhengig av kva som slepp inn i hjarta, kva ein vert påverka av og kva ein gjev rom. Her står det ein kamp om kvart menneske mellom Gud og satan. På tilsvarande måten er det i hus og heim – og ved kristne institusjonar og misjonsstasjonar.

Når det gjeld ein misjonsstasjon som Centro Sarepta, er posisjonen som åndssenter avhengig av at folk bed for senteret. Guds kraft og openberringsande må nedbedast, slik at Guds Ande får råderom. Posisjonen som åndssenter er også avhengig av at Guds ord får råda, og at vi som menneske ikkje set oss som dommarar over den openberringa som Gud har gjeve oss i Bibelen. Liberal teologi og bibelkritikk vil aldri skapa kristne åndssenter, men verka åndeleg utarmande.

Det er alltid eit kall og ei utfordring å etablera og halda opp ei sterkt bøneliv, ikkje minst ved eit misjonssenter. Vi vonar difor stadig at det skal koma folk til Centro Sarepta som ser det som ei oppgåve å vera her og be. Misjon Sarepta er starta på eit læregrunnlag som reknar Bibelen som Guds ord, fullt påliteleg og forpliktande i alle delar. Det ønskjer vi å stå for i arbeidet, men også det krev ettertanke og kamp for å halda oppe. Bibeltilliten er under press og må kjempast for.

Sjølv om ein vil halda oppe både bøn og bibeltillit, kan det lett skje at vi vert fanga inn av tidsånda utan at vi er klar over det. Teoretisk kan vi ha fokus på både bøn og bibeltillit, samstundes som vi i praksis vert opptekne med det som denne verda har å by på, ikkje minst av materielle verdiar. Materialismen er ei sterk åndsmakt i Vesten, og i særleg grad i vårt norske samfunn. Det er ei type åndsmakt som er usynleg, midt oppe i det materielle. Det er ei makt som bind sinn og tanke til det materielle ved at vi vert opptekne både med å skaffa oss materielle ting og bruka dei. Det tek tida og konsentrasjonen.

Johannes Kleppa