Kampen om familien

Då Gud skapte mennesket, skapt han det i sitt bilete til mann og kvinne. Dei to første menneska, Adam og Eva, førte Gud saman i ekteskapet og danna med det familien og heimen (1Mos 1,27; 2,21ff). Dette er den grunnleggjande skaparordninga som heile samfunnet og alle mellommenneskelege forhold har som utgangspunkt og fundament. Ekteskapet og familien har sin idé og sitt innhald frå Guds forhold til sitt folk (Ef. 5. 22ff).

Sidan familien har ein slik fundamental plass i Guds tanke om skaparverket og mennesket, vil satan setja alt inn på å øydeleggja familien. Familien får plass i eit ideologisk brennpunkt. For å ramma familien vert det sett inn angrep på det livsvarige ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Dette ser vi no i den vestlege kulturkrinsen svært tydelege når det gjeld kjønnsideologi, samliv og ekteskap.

Det vert tilsvarande sett inn angrep på barnet. Det rammar først barnet i mors mage, og det rammar seinare barnet i familien og i oppsedinga. Dette ser vi i kampen om skulen, og i kampen om kven barnet tilhøyrer. Dette er i stor grad ein kamp om statens mandat og funksjon opp mot familiens mandat og funksjon. Det kjem til uttrykk i kva opplæring og oppseding borna skal få, og om det er staten eller foreldra som prinsipielt og reelt har ansvaret for det. Dette har med innhaldet i skulen å gjera, men enda meir med kva rom det er for friskular og heimeundervisning.

Dette har lange røter i antikristelege ideologiar, men det kom med særleg tyngde knytt til den såkalla Frankfuterskulen og radikaliseringa på 1960-talet. Det vart ein kamp mot Guds skaparordningar til fordel for menneskebestemte ordningar. Representantar for denne antikristelege ideologien skaffa seg god utdanning, og dei fekk sentrale posisjonar i akademia, i kulturen og i politikken. Det har gjennomsyra samfunnet med ein ideologi som er på kollisjonskurs med kristen tenking og skaparordningane – og som har vorte så sjølvsagt, at det er vanskeleg å oppdaga.

I den seinare tida har denne problemstillinga kome tydeleg til uttrykk i tilknytting til barnevernet, som til tider grip voldsomt inn i familiar på eit til dels uhaldbart grunnlag. For barnevernet sin del har vi dessutan fått den uvanlege og svært uheldige situasjonen at denne institusjonen kombinerer maktbruk og omsorg. Barnevernet har med det vorte som ein stat i staten på ein slik måte at det vekkjer internasjonale reaksjonar. Barnevernet skal vera eit omsorgsorgan.

Vi treng treng både skulen og barnevernet, og det er mange der som gjer ein god og nødvendig jobb. Derimot skal korkje skule eller barnevern ha nokon maktfunksjon, i så fall vil vi få eit totalitært samfunn som overkjører foreldra og familien. Det er politiet og domstolen som skal ha maktfunksjonen i samfunnet, og militæret overfor framande makter.

Johannes Kleppa