«Beslutningsvegring» og fisken i havet

Eg var nett og høyrde eit føredrag om «beslutningsvegring», som er eit brukbart bokmålsord, men eit dårleg nynorskord. Det var Paul Otto Brunstad, professor ved Norsk Lærarakademi, som talte. Han har skrive bok om temaet.  Både språkleg og sakleg var det mange interessante aspekt ved føredrag.

Beslutningar må vi alle ta i ulike samanhengar, og nokre oftare enn andre. Ein må ta beslutningar i næringslivet, i organisasjonslivet, i politikken, i misjonen – og i det personlege livet. Nokre beslutningar har stor betydning, medan andre har mindre å seia. Det kan ofte vera freistande å utsetja beslutninga, og nokre har ein sterk tendens til beslutningsvegring.

Grunnane til beslutningsvegring kan vera fleire. Det eine er at det er så mange val, at ein klarer ikkje velja. Det er så mykje ein må velja bort, for å kunna stå att med det eine valet – og ein vil gjerne ha det som reven med mange utgangar frå hiet. Det andre er at ein er redd konsekvensane av valet, og dei har ein lita oversikt over. Saka er at ingen veit kva framtida vil bringa, slik at ein kan ikkje sikra seg heilt og fullt med tanke på vala ein gjer. Ein må kort og godt gjera ei beslutning.

Ein vil gjerne ha så godt beslutningsgrunnlag at ein undersøkjer og vurderer i det uendeleg. Når ein så endeleg tek ei beslutning, kan denne vera feil eller nyttelaus, fordi saka har endra seg medan ein utgreidde, tenkte og vurderte. Det vert fortalt frå siste verdskrigen, at tyskarane vann nokre slag som amerikanarane burde ha vunne ut frå den militære styrken. Då dei amerikanske offiserane etter krigen spurde dei tyske offiserane kva det var dei gjorde rett og amerikanarane gjorde feil, var det enkle svaret: Vi handla medan de tenkte og vurderte, og då vart de for seine!

Brunstad brukt Ivar Aasen sitt dikt, «Nordmannen» – som vi ofte kallar «Mellom bakkar og berg», for å få fram at det er viktig å sjå kva ein kan oppnå, om ein tek ei beslutning og handlar på denne, særleg når beslutninga kan vera vanskeleg å ta – og kva ein går glipp av ved å la vera. Då Nordmannen såg ut over havet, kunne det vera freistande å halda seg på land, men det var ein rikdom i havet han ville ha med seg – og som han ikkje fekk, om han skugga unna:

Han såg ut på det bårutte havet:
det var ruskutt å leggja ut på;
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjå.

Det kan vera freistande både i misjonsarbeidet og på det personlege planet å sikra seg, å vegra seg. Skal ein oppnå eit resultat, må ein vera villig til å ta nokre sjansar og utfordringar og ikkje la beslutningsvegringa ta overhand. Det er «fisk ned i kavet», men den får ein ikkje tak i ved å halda seg i naustet!

Johannes Kleppa