Tenestedeling anno 2018

Det oppstår stadig krav om ny drøfting av tenestedeling mellom mann og kvinne i kristent forsamlingsarbeid og misjon. Kravet har ofte utgangspunkt i at kvinner kjenner seg frustrerte eller opplever at dei ikkje kjem til sin rett i kristent arbeid. Då vert debatten orientert ut frå mennesket. Kravet har sjeldan utgangspunkt i det Bibelen seier om det å vera mann og kvinne eller i dei aktuelle tekstane. Det ville gje Guds ord som orienteringspunkt. Kravet har ikkje sitt utgangspunkt i at det ikkje er oppgåver for kvinner, fordi det er det i søkk og kav, men i samfunnet si oppfatning av likestilling i arbeidsoppgåver. Då skjer det lett ei tilpassing til det som er dagens oppfatning, framfor ei utmynting av det Bibelen seier om saka, også der ein prinsipielt vil leggja tenestedelinga til grunn.

No har saka på nytt vorte aktualisert i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), både ut frå korleis kvinner opplever situasjonen, og ut frå endra syn der ein legg bort heile tenestedelinga. Det første må ein sjølvsagt ta på alvor, men folk sine opplevingar kan ikkje overstyra Guds ord. Som argumentasjon for det siste har tenestedelinga vorte parallelført med slaveriet. Det er både rasjonelt og bibelsk ein utruleg argumentasjon, i alle fall når ein vil ta Bibelen på alvor som forpliktande openberring. I Bibelen finst det absolutt null argumentasjon for slaveriet, men det vert vist til som ei eksisterande ordning, der herren skal behandla slaven godt, og der slaven skal gjera si plikt. Tenestedelinga, derimot, er grunngjeva svært prinsipielt i fundamentale forhold i Guds ord – skapinga, syndefallet og Herrens bod.

Det har vorte sagt at av kristne organisasjonar er det berre NLM som berre har menn i hovudstyret. Eg veit i alle fall om tre andre, sjølv om dei er mykje mindre enn NLM, der ein av dei er Sarepta. Kva verv og stillingar som berre skal vera for menn, ut frå lære- og hyrdingoppgåva, vil variera noko ut frå den organisatoriske oppbygginga, og ut frå korleis ein forstår dei ulike verva og stillingane. Det som praktisk talt alltid skjer når ein drøfter tenestedelinga opp mot ein organisasjon sitt arbeid, er at færre og færre verv og stillingar vert definerte som lære- og hyrdingteneste, slik at kvinner kan gå inn i dei. Det som i praksis då skjer, er at lære- og hyrdingfunksjonen stadig vert redusert. Denne tenesta vert stadig gjort meir teoretisk som eit ansvar, framfor praktisk som eit arbeid.

Er det noko vi treng i dagens situasjon, er det at lære- og hyrdingtenesta vert styrka, ikkje svekka. Heile tids- og åndssituasjonen ropar etter det. Sviktar ein her, undergrev ein raskt bibeltruskapen og tappar åndsmakta i det kristne arbeidet.

Johannes Kleppa