Krossen og åndeleg klatring

For nokre dagar sidan høyrde eg Geir Otto Holmås halda føredrag over tema «Sunn karismatikk». Både føredraget og samtalen var tankevekkande og til lærdom. Rett nok kan det reisast spørsmål om uttrykket «sunn karismatikk» er dekkande og godt. Bibelen brukar ikkje den formuleringa, men talar om den sunne læra og om nådegåvene. Skal nådegåvene få si rette orientering, må dei ikkje orienterast ut frå seg sjølv, altså få ei karismatisk orientering, men dei må orienterast ut frå Kristus og rettferdiggjering ved tru – altså orienterast ut frå den sunne læra.

Holmås har i det siste engasjert seg sterkt for å få ei bibelsk og sjelesørgerisk vurdering av nykarismatikken, ikkje minst med boka «Ved en korsvei». Denne har han adressert som «åpent brev til mine karismatiske venner», men boka er aktuell også for folk som ikkje reknar seg som karismatikarar. Dei fallgruvene han påpeikar i karismatikken, finst ikkje berre der.

Både i føredraget til Holmås og i samtalen vart det hevda at til sterkare karismatikken kom inn i ei forsamling, til mindre rom vart det for krossen og sentral Kristus-forkynning. Det har ikkje sin grunn i at det som har med krossen, forsoninga og syndstilgjevinga å gjera, vert fornekta – tvert imot vert det rekna som sjølvsagt, men det er så mykje anna som tek plassen. Fokuset i forkynninga og åndslivet vert det som har med kraft, utrustning og Herrens manifesterte nærvær å gjera. Holmås hevda at det fører til «åndeleg klatring». Det å klatra kan vera interessant, men det er tungt og krevjande, og det er uttrykk for eigeninnsats – altså motsett av evangeliet og krossen som Guds kraft.

Det er ikkje berre i karismatiske samanhengar ein står i fare for at krossen mister posisjon, og med det ikkje får gjera si kraftfulle gjerning. Det kan skje over alt, og det er ei stor utfordring i dagens åndssituasjon. I mange samanhengar er ein i forsamlingsarbeidet og i forkynninga mykje opptekne med det menneskenære, med relasjonar, med psykologiske problemstillingar, med utfordring til teneste og aktivitet av ulikt slag. Ikke noko av dette er galt, det høyrer faktisk til i den kristne forsamlinga og forkynninga.

Problemet er at det heile lett vert menneske- og aktivitetsorientert, framfor kross- og Kristussentrert. Då taper krossen terreng, og evangeliet får ikkje verka med kraft. Resultatet vert åndeleg klatring, og over tid slit ein seg ut med det. I dagens åndssituasjon – både i og utafor karismatiske samanhengar – er det avgjerande at ein er merksam på dette, og syter for at krossen står i sentrum – ikkje berre teoretisk, men også praktisk. Då får Kristus gjera si gjerning til frelse, nytt liv og teneste.

Johannes Kleppa