Ny Fjelltur-leir i Spania

Den første Fjelltur-leiren ved Centro Sarepta har gått inn i historia. Leiren var så vellukka at det var stor semje om det måtte arrangerast fleire slike leiarar. Fleire sa at dei ville koma tilbake. Det er difor bestemt at det vert ny Fjelltur-leir i veke 41 i 2019. Det er grunn til å tru at denne leiren vert tidleg fullteikna, så det er ingen grunn til å venta med påmelding. Årets leiarar, guidar og talarar, Lorents Nord-Varhaug og Johannes Kleppa, vert med også neste år.

Kombinasjonen av bibeltimar, fjellturar og kveldmøte er veldig fin. Det opplevest sterkt meiningsfullt med ei veke med eit slikt opplegg. Fjella rundt Centro Sarepta er svært eigna til turgåing for folk i alle aldrar og med ulik fysisk form. Det er krevjande turar og enkle turar, og det er mogleg å gå toppturar med fantastisk utsikt for alle i allminneleg bra form.

Hausten er ei flott tid for fjellvandring i Spania, men våren er ikkje mindre fin, så det vert truleg også Fjelltur-leir på vårparten, kombinert med bibelkurset. Dei som heller vil utfalda seg på sykkel, kan velja sykkelleiren i mars.

Detaljert opplegg for komande fjelltur-leirar er enda ikkje klart, men det er berre å fylgja med på heimesida centrosarepta.no, eller ta kontakt på mail post@centrosarepta.com.