Sanninga i går og i dag

Under Fjelltur-leiren på Centro Sarepta har Lorents Nord-Varhaug halde grundige bibeltimar ut frå dei første kapitla i Johannesevangeliet. Der er sanninga ei viktig sak. Jesus var full av sanning. Det er ei viktig utsegn for kristen tru, men det er ein svært problematisk påstand i dagens kultursituasjon. At ein person er full av sanning, altså at han står for den absolutte sanninga, er i dagens rådande tenking ein absurd tanke. Det gjer situasjonen for kristen tru og for kristen forkynning vanskeleg. Kristne kjem under press.

Debattredaktøren i Stavanger Aftenblad uttrykte for litt sidan (28/9 -18) dette på fylgjande måte: «Det er heller ikkje rart at kristne møter skepsis og kritikk. For kristendommen hevdar å sitja inne med sjølve sanninga. Den eine, rette sanninga, som alle bør få kjenna og omvenda seg til. Det er lite rom for slikt lenger. Og bra er det.»

Spørsmålet om og forholdet til sanninga har endra seg dramatisk den siste generasjonen. Det er ei så radikal endring at situasjonen er snudd på hovudet. Tidlegare var det både blant filosofar og teologar av alle valørar nokså stor semje om at det fanst ei og berre ei sanninga. Spørsmålet var kva denne sanninga var, og korleis ein skulle og kunne finna fram til henne. I hovudsak var det to vegar til å finna sanninga. Anten kom ho utafrå på eit eller anna vis, som ved openberring, eller så kom ho innafrå, helst ved tenking. Resultatet var ulike oppfatningar av kva sanninga var. Ut frå vår tusenårige kristne kulturhistorie, var det her i landet nokså stor semje om at kristendommen stod for sanninga.

Ved postmodernismen som kom på slutten av forrige årtusen, vart hovudtanken at det ikkje finst noko absolutt sanning. Og om det hadde funnest ei slik sanninga, ville ikkje mennesket hatt reiskapar, det vil seia språk, til å finna fram til og uttrykkja sanninga. Det vert hevda som ei absolutt sanning, ulogisk nok. At dei som står for ei postmoderne tenking ikkje ser sjølvmotseiinga i at dei hevdar som absolutt sanning, at det ikkje fint noko absolutt sanning, viser berre kor uhaldbar denne tenkinga er.

No er det no ein gong slik, at Bibelen presenterer seg som Guds ord og openberring, og Bibelen hevdar at sanninga er ei og at denne er knytt til Jesus Kristus – han som er sanninga. Sjølv om denne forståinga av sanninga er sterkt utfordra i dagens filosofi og kultursituasjon, er det avgjerande viktig at vi som Guds folk held fast på denne forståinga av Bibelen og sanninga. Utan det løysest kristentrua opp, og vi har ikkje noko å leva på eller forkynna til frelse.

Johannes Kleppa

 

Bilde: Pilatus spør: Hva er sannhet? (Joh 18:38)