Vegen til Gud og islam

Det er stadig diskusjon om islam og kristendommen. Det gjeld både korleis desse to religionane er å forstå i forhold til kvarandre, korleis ein skal vurdera og omtala islam og muslimar med tanke på misjon, og kva islam har å seia for samfunn og kultur samanlikna med kristendommen. Dette er store og viktige spørsmål, men her skal eg berre peika på eit heilt sentralt element.

I Luthersk Kirketidende nr. 16/18 skriv MF-professor Harald Hegstad om «Kirken og islam». Det er ein relativt nyansert artikkel, men den avspeglar samstundes ei tenking der ein orienterer seg såkalla religionsteologisk eller religionsvitskapleg, framfor eintydig bibelsk. Då kan ein leggja ulike innfallsvinklar til grunn, alt etter kva ein er ute etter – og resultatet vert deretter.

Sidan islam har med stoff som vi også finn i kristendommen, om enn i nokså omforma utgåve, hevdar Hegstad at «islam ligger (derfor) nærmere kristendommen enn østlige religioner som ikke har de samme røtter». Dette er etter mi vurder ei overflatisk vurdering og ei feilslutning. Saka er at islam har med mange element som austlege religionar ikkje har med, og som dreier seg om viktige spørsmål i kristendommen, slik som at Gud er treeinig, at Jesus er Guds Son, Jesu død til soning for syndene våre og Jesu oppstode. Alt dette avviser islam på det sterkaste, og framstår med det som tydeleg antikristeleg. Det skjer ikkje i dei austlege religionane. Slik sett kan ein seia at islam er den religionen som skil seg mest frå kristendommen, og som framstår som det mest eksklusive alternative til kristen tru. Dette er truleg grunnen til at muslimar alltid har vore ei vanskeleg misjonsmark, og at det i muslimske land skjer ekstra mykje kristendomsforfylging.

Når det ut frå logisk tenking seiest at kristne og muslimar i siste instans tilbed den same Gud, fordi det finst berre ein Gud, må også det vera ei åndeleg kortslutning. Saka er at det finst ein sann Gud, slik han har openberra seg i Bibelen, og ei rekkje avgudar, slik vi møter desse i eit utal religionar. Avgudar, inkludert Allah, er ikkje Gud.

Hegstad seier – heilt korrekt – at «den endelige målestokken vil måtte være gudsåpenbaringen i Kristus». Brukar ein den målestokken, kjem ein ikkje utanom Jesu ord om vegen til Gud: «Ingen kjem til Faderen utan ved meg. Hadde de kjent meg, så hadde de kjent Far min og.» (Joh 14.6f). Dette er det avgjerande i spørsmålet om vegen til Gud i erkjenning og tilbeding, men som Hegstad ikkje nemner.

Ut frå dette skriftordet skal Martin Luther ha sagt noko slikt, som at «går ein utanom dette, er ein ein god muslim». Det er vegen via Jesus til Gud, som er sann kristendom.

Johannes Kleppa