Saman med alle dei heilage

Bibelen er ei merkeleg bok. Det er Guds openberringsord, som vi aldri vert ferdig med, fordi det stadig opnar seg ny innsikt. Evangeliet er også ei merkeleg sak. Det er Guds gjerning og gåve i Jesus Kristus, der vi stadig får sjå nye djupner i Jesu frelsesverk.

Apostelen Paulus er oppteken med at vi må læra Kristus betre å kjenna, slik at vi kan verta fylte til all Guds fullnad. Difor bed han for dei kristne i Efesus, om at dei «saman med alle dei heilage kan vera i stand til å fatta kva breidd og lengd, høgd og djupn» det er i Kristi kjærleik (Ef. 3, 16-19).

Paulus bed ikkje for den einskilde kristne om at ein isolert sett skal fatta eller skjøna det som høyrer Gud og Guds gåve til. Han bed heller ikkje om at dei kristne i kyrkjelyden i Efesus må fatta dette i fellesskap. Han bed om at dei «saman med alle dei heilage» må fatta dette. Altså ikkje noko mindre enn saman med «alle dei heilage».

Om vi overfører dette til vår tid, er det ikkje ei individualistisk bønn apostelen bed. Det er heller ikkje ei bønn avgrensa til den forsamlinga vi høyrer til i, eller det arbeidslaget vi er ein del av. Det spenner langt vidare. Det er ei bønn som femner om «alle dei heilage», altså kristne til alle tider i historia og globalt sett. Innhaldet i Guds ord og i Guds frelse har med andre ord slike dimensjonar, at vi må tenkja i lys av alt Guds folk for at vi kan fanga det.

Vi lever i ei svært individualistisk tid. Det pregar i stor grad også kristne, slik at ein tenkjer ut frå seg sjølv, og har si eiga gudstru som orienteringspunkt. Slik er det ikkje i Guds ord, der vert det tenkt ut frå den kristne forsamlinga, universelt forstått. Det er eit «saman med». Difor lyder det også eit sterkt «høyr!», og eit tilsvarande sterkt «forkynn!».

Det er viktig at ein er oppteken med si eiga tru og sitt eige kristenlivet. Det er også viktig at ein er oppteken med livet og forkynninga i den forsamlinga ein tilhøyrer og det arbeidslaget ein har ansvar for. Når det gjeld å få tak i «breidd og lengde, høgd og djupn» i Kristi kjærleik og verta fylte til all Guds fullnad, må likevel perspektivet vera langt større – «saman med alle dei heilage».

Johannes Kleppa