Guds dom og vondskapen

Guds dom og vondskapen er vanskelege tema. Vi skulle helst sluppe dei begge to, men dei er like fullt absolutte realitetar. Guds dom og vondskapen heng saman, det er som to sider av same saka. Rett nok vil folk flest ikkje erkjenna eller innsjå det. Ved å sjå rundt seg i den store verda, kjem ein ikkje unna at det er mykje vondskap på jorda. Guds dom vil ein helst ikkje høyra om, eller ein hevdar at denne også er uttrykk for vondskap, eller at han er urettferdig.

Saka er den at det er vondskapen som skaper Guds dom, eller som tvingar fram dommen, og det er Guds dom som set ein stoppar for vondskapen, og som opnar for ei ny verd der vondskap og liding er borte. Alt dette heng saman med at det er brot på Guds vilje som vert til vondskap. Vondskapen kjem med synda, og berre oppgjer med og dom over synda kan setja ein stoppar for vondskapen og leggja grunnen for ei ny jord der rettferd bur.

I ein kronikk om Guds to regimente skriv professor Bernt T. Oftestad: «Vi som er troende, vet at forakt for budene og brudd med dem øker det ondes makt. I den vestlige verden har stat og samfunn nå som prinsipp at det 6. bud skal avskaffes. Dette drar flere brudd med Guds lov med seg, som forbudet mot å ta uskyldig liv. Det gir rom for det onde, for dødskreftene i verden.» (Dagen 12/9-18)

Det er treffande sagt, men det synest ikkje som at alle kristne har fått dette med seg. I så fall ville ein gjort meir for at Guds bod skulle råda i samfunnet. Då hadde ein ikkje vore så oppteken med å skilja mellom kristendom eller teologi og politikk, men ein ville argumentert for dei ti boda sin plass i samfunnet.

Den vondskapen som utviklar seg der boda, som uttrykk for Guds gode vilje, vert sette til side, er del av Guds dom. Samstundes skal Gud ein dag setja sluttstrek for vondskapen på jorda. Då stig den nye jorda fram, men då vert også Guds dom og vreide i fortapinga den evige realiteten. Det at det kjem ein dommedag, der mennesket vert stilt fram for Guds domstol, er eit uttrykk for menneskets høge posisjon og ansvar.

Realiteten om dom og fortaping er ein sentral del av den bibelske bodskapen, og det har mange aspekt med seg. «Tanken om dommen er Bibelens sterkeste uttrykk for håpet om at Gud en dag skal la rettferdigheten seire,» uttalar professor Arne Redse i ein større reportasje i Utsyn nr 11/18 om dommen og fortapinga. Dommens dag vil innebera at all urett og alt vondt vert gjort opp for alltid.

Johannes Kleppa