Sarepta – spansk og nordisk misjonsarbeid

Misjon Sarepta er primært starta for å nå spansktalande med evangeliet, og difor har ein etablert bibel- og opplæringssenteret Centro Sarepta i Spania. Samstundes vil ein oppretta møteplassar mellom folk og Guds ord kor ein kan. Det gjeld særleg i Noreg, men også i dei øvrige nordiske landa, altså der dei forstår norsk. Vi talar difor gjerne om Norden og nordisk i staden for Noreg og norsk.

Eg skriv dette frå Spania, der kona og eg er vertskap og talarar på Bibel-sensommer. Denne veka har vi to ektepar som gjester. Det ein kjem frå Danmark og det andre frå Sverige. Det er altså svært nordisk på senteret for tida, i tillegg til det spanske. Dette opplevest både godt og inspirerande. Undervisninga har skjedd på norsk, med litt tilpassing og språklege oppklaringar undervegs. Det gir ein ekstra dimensjon til forkynninga.

Det danske paret kjenner Johannes og Maria Thorlund, som det siste året har vore på Centro Sarepta for å læra spansk, slik at Johannes skal kunna undervisa spansktalande i Guds ord. Det er fint at det er nokre danskar som vil støtta Sarepta og vera med i bønn for Johannes, Maria og deira fire barn.

Det svenske paret kjenner vår bolivianske kokk, Isabel, fordi dei har vore misjonærar i Bolivia i ein baptistisk samanheng. Misjon er utan grenser, og skaper kontakt på kryss og tvers både geografisk og kyrkjeleg. Sarepta har altså fått nye svenske vener på denne måten.

Sjølv om det er nokre ulike utviklingsliner i dei nordiske landa både kristent og samfunnsmessig sett, er det svært mykje som er likt. Historisk er det parallelle vekkingstider, som det no er parallelle sekulariseringstider. Den kyrkjelege situasjonen er også på mange måtar lik, der det vert større avstand mellom den nasjonale lutherske kyrkja, folkekyrkja eller statskyrkja, og det bibeltru misjonsfolket. I Sverige har nokre ikkje-lutherske frikyrkjer slått seg saman dei siste ti-åra, og det har oppstått andre samanslutningar. I Noreg og Danmark pågår det ei forsamlingsbygging innan det frivillige arbeidet, på litt ulike måtar.

Det er i heile Norden stor trong for sann bibelsk forkynning, ei forkynning som er evangelisk frigjerande og utrustande. Sarepta er i den store samanhengen ein knøttliten organisasjon, men vi vil gjerne bidra med slik forkynning så langt i maktar. Med dei små ressursane vi har, når vi ikkje så langt ut, men då er Centro Sarepta eit brennpunkt – her kan ein samlast om undervisning og forkynning over lengre tid, same kor ein elles bur og har sin kristne tilknytting.

Johannes Kleppa