Lovas gjerning er skriven i hjarta

Når vi les siste delen av Romerbrevet kapittel ein, kunne vi tru at livet på jorda gjekk heilt i oppløysing, slik at det vart ulevelege forhold, når folk vender ryggen til Gud og Guds vilje, slik denne er openberra i naturen og Skrifta. Dette skreiv eg litt om i forrige Ettertanke under perspektivet om at Gud overlet folket til sine synder, med den straffa som ligg i det.

No veit vi at det trass mykje elende på jorda, er rimeleg gode forhold mange stader – ikkje minst i vårt eige land, sjølv om det har skjedd ei voldsom avkristning dei siste tiåra. Korleis kan det vera slik?

Svaret på dette finn vi for ein stor del i det andre kapitlet i Romerbrevet. Der er det talt om at heidningane av naturen gjer det lova krev, og er med det seg sjølv ei lov, at den gjerninga lova krev er skriven i mennesket sitt hjarta og at samvitet og tankane klagar og forsvarar ein (v 14-15). Det er altså denne måten Gud styrer mennesket på ut frå skapinga, trass i syndefallet med alle sine negative og øydeleggjande konsekvensar for livet på jorda. Då snakkar vi ikkje om korleis Gud arbeider til frelse, men korleis han arbeider på skapingsplanet innan det verdslege regimentet. Med tanke på frelsa må han døma etter evangeliet ved Jesus Kristus (v 15).

Det at mennesket er si eiga lov og at lovas gjerning er skriven i hjarta, seier oss at mennesket til ei viss grad har ei erkjenning av kva som er rett og galt, godt og vondt, etter sin natur, trass i synda og det gamle mennesket. Det gjer at samvitet eit stykke på veg kan døma rett, og ein kan tenkja rett. Dette er likevel langt frå fullkome, men det medverkar til at samfunn og kulturar kan innretta seg på måtar som gjev rimelege gode livsvilkår og meining med livet.

Det er presisert at det er «den gjerninga lova byd», altså ikkje lova i og for seg, som er skriven i hjarta. Det seier noko om at Gud styrer folk og samfunn etter sin gode vilje, sjølv om mennesket ikkje forstår at det er Gud som gjer det eller har fullstendig erkjenning av Guds vilje. Gud handlar på tross av syndefallet og menneskets natur for å gjera livet så godt som mogleg. Han gjer si gjerning ved lova gjennom menneskets personlegdom, slik at vi langt på veg gjer det lova byd.

Dette er ei sanning som eg trur vi i ei avkristna tid må løfta meir fram, og bruka som eit tilknyttingspunkt for forkynninga. Det vil vera ein viss klangbotn og tilslutning i menneskehjarta når Guds lov vert forkynt som Guds gode vilje. Det kan førast eit hakk vidare til erkjenning av brot med det rette og gode, og med det til syndserkjenning som opnar for forkynning av evangeliet om syndstilgjeving i Jesu namn.

Johannes Kleppa

 

Bilde: Johannes Kleppa. Skriver «Ettertanke» hver uke på Misjon Sarepta sin hjemmeside