«Ikke fant noen verdi i å kjenne Gud»

Eit av dei mest alvorlege bibelavsnitta vi har med tanke på landet vårt anno 2018, er siste halvdelen av Romerbrevet 1. Her vert det tre gonger (v 24, 26, 28) sagt at Gud overgav folket til sine eigne synder, når dei ikkje brydde seg om Gud og hans bod. Det er Guds straff over ein ugudeleg kultur. Straffa skjer altså ved at Gud overlet folket til sine synder, slik at synda straffar seg sjølv. Der synda får råda, vert det nedbrytande og oppløysande kulturar, og vonde og skadelege forhold. Samfunnet vert kaldt og egoistisk.

Eg brukar normalt Bibelen Den Heilage Skrifta, men i det siste har eg også lese ein del i Bibelen Guds Ord, som er på bokmål. Då oppdaga eg ei litt tankevekkande formulering i v. 28. Her er eg vant med å lesa: «Og då dei såleis ikkje brydde seg om å eiga Gud i kunnskap, gav Gud dei over …». I Bibelen Guds Ord heiter det: «Ettersom de ikke fant noen verdi i å kjenne Gud, overgav Gud dem …».

Det er ikkje den store forskjellen mellom «ikkje brydde seg» og «ikke fant noen verdi», men det er ein nyanse. Det er også ein nyanse mellom «å eiga Gud i kunnskap» og «å kjenne Gud». Det siste er i det minste meir direkte og lettare å forstå, og det går direkte på Gud.

Det «å ikkje finna nokon verdi i å kjenna Gud», synest eg er ei treffande formulering med tanke på folket vårt i dag. Ein kan sjølvsagt også bruka uttrykket «å ikkje bry seg» om Gud og hans ord, altså om sann gudskunnskap, men det er ei litt aktiv haldning i negativ lei. Det talar om ei form for uvilje, og det kan ein stadig sjå.

Det å ikkje finna nokon verdi i det som har med Gud å gjera, er litt meir passivt og likegyldig. Ein bryr seg kort og godt ikkje, fordi ein ikkje ser poenget med det heile. Der trur eg den store folkehopen er. Ein er ikkje aktivt negativ, men ein er passiv og likegyldig, fordi ein klarer seg godt utan Gud og utan den rettleiinga Guds ord gir. Ein synest det er greit å orientera seg ut frå seg sjølv og fylgja massen.

Det vert talt mykje om verdiar i vår tid, men dei er generelt ikkje orienterte ut frå Gud. Verdiane er menneskeorienterte og materielt fokuserte. Dei er dennesidige, og dei er orienterte ut frå kva som tener meg, min livsstil og min levestandar, her og no. Då fell Gud ut – med alle dei negative konsekvensane det over tid vil få.

Johannes Kleppa