Den norske kyrkja før og no

Det er ei kjent sak at det har vore og er mykje debatt om situasjonen i og for Den norske kyrkja (Dnk). Det gjeld både den teologiske situasjonen og den posisjonen Dnk har i samfunnet. Den store problemstillinga gjeld synet på ekteskapet og den kjønnslikegyldige vigselsliturgien som er innført, og om dette er kyrkjesplittande eller ikkje. Det er eit viktig moment med tanke på om ein framleis kan og bør vera medlem av Dnk, eller om ein skal melda seg ut.

I denne samanhengen vert det ofte sagt at det alltid har vore teologisk usemje og debatt i Dnk, og at vi difor prinsipielt sett ikkje er i ein ny situasjon no. Dette er ei sanning med sterke modifikasjonar, og det er eit argument som meir tilslører enn opplyser. Dei åndelege leirane (t.d. biskopane) som før kjempa mot den ubibelske læra, kjempar no i stor grad for henne.

I eit intervju i samband med avgangen som kyrkjerådsdirektør argumenterte Jens Petter Johnsen (bilde) langs denne lina. Han viste til at det på byrjinga av 1900-talet stod om heilt sentrale spørsmål som Jesu oppstode og forsoninga. Det er korrekt, og det var openbert kyrkjesplittande lære som slik vart fremja frå liberalt hald. Poenget – og den store forskjellen med tanke på dagens situasjon – er at det frå alle sentrale kyrkjeleiarar vart teke oppgjer med vranglæra, og ho vart avvist. Det vart ikkje innført ny lære i kyrkja den gongen, slik det no har skjedd gjennom ny liturgi i ekteskapsspørsmålet.

Den gongen reiste det seg sterke krefter til kamp mot den nye og falske læra, og her stod biskopane og organisasjonsleiarane saman. Det resulterte i at vi fekk Menighetsfakultet som skulle vera eit bolverk mot liberal teologi og utdanna bibeltru prestar. Vi fekk også Calmeyergatemøtet som avvist alt frivillig samarbeid med liberale teologar, og fremja ein strategi for bibeltruskap og vern om den sanne læra. Vi fekk også organisasjonar som FBB og Laget på bibeltru grunn og til kamp for den sunne læra.

No er det ikkje berre slik at det formelt er innført ny lære i Dnk, men det er biskopar og andre kyrkjelege leiar som har gått i bresjen for dette – stikk i strid med situasjonen for hundre år sidan. Dei er godt sekunderte av MF-professorar – stikk i strid med det MF var oppretta for. Dessutan har ikkje lekfolket og bedehuset den posisjonen som før, og er med det ikkje den åndelege motvekta som dei var då den klassisk teologiene trengde på. Dei store vekkingane var som ein moteld, medan det no i stor grad er tilpassing.

Totalt sett var åndssituasjonen og åndskampen for hundre år sidan slik at den liberale teologien ikkje fekk nemnande innpass i Dnk. Det var Hallesby-prestar som etter kvart rådde grunnen. Dette er radikalt annleis no, og då kan ein ikkje snakka som om det er ein parallell situasjon. Det er historieforfalsking som kastar åndeleg blår i augo til folk – noko som medverkarar til at det går frå vondt til verre.

Johannes Kleppa