Grunnleggande endring av landet

Alle må ha registrert at det har skjedd ei grunnleggjande endring av landet vårt. Denne endringa har vi i stor grad saman med heile Vest-Europa og særleg med Skandinavia. Det er ei endring av moralsk, kulturell, ideologisk og politisk karakter. Endringa er knytt til filosofiske og ideologiske trendar i Europa. Endringsprosessen har pågått lenge, men det kom med særleg styrke på slutten av 1800-talet, og det har eksplodert den siste generasjonen.

Sidan slike endringar ikkje skjer som brå hendingar, men går jamnt over tid, merker ein ofte lite til det, og ein ser ikkje grunnane til at det skjer. Ein maktar heller ikkje plasser kor ein er på ei utviklingsline. Det er når ein ser det i historisk perspektiv at ein kan få eit bilete av utviklinga, og kan sjå kva tankar og tankeretningar som har ført oss dit vi er. Det er når ein har dette oversiktsbilete ein også kan vera i stand til å gjera noko med saka. Det kan ein gjera ut frå ei vurdering av om utviklinga har tent sanninga, det rette og gode.

Historikarar og ideologisk orienterte forfattarar kan hjelpa oss til å sjå samanhengane i utviklinga, å sjå kva som har vore drivkrafta i den historiske utviklinga. Kaj Skagen er ein sjølvstendig tenkjande forfattar som kan hjelpa oss på dette området. For tida les eg boka han har skrive om kva som er norsk kultur, der han presenterer hovudlinene i norsk ånds- og idéliv frå Hans Nielsen Hauge og fram til vår tid, «Norge, vårt Norge. Et lands biografi». Det er ei svært opplysande bok, som ein kan lesa med stort utbytte utan å vera samd i alle analysar og vurderingar.

Det er påfallande kor sterkt kristen tru og tenking har påverka, prega og forma landet vårt på alle område. Dette har gått saman med andre åndsretningar som har opning ut over det reint materielle, slik som antroposofien og mystikken. Dette ser ein tydeleg i skuleverket og oppsedinga, i grunnlova og loververket, hjå forfattarar og kultureliten, i politikken og samfunnsutviklinga.  Samstundes ser ein gjennom omlag 150 år korleis det har gått ei sterkt åndsbylgje av naturalisme og sekularisering, og denne har slått inn over landet som ein tsunami dei siste 20-30 åra.

Det som er svært tydeleg, er at ein orienterer seg einsidig ut frå det dennesidige, det naturalistiske og det materialistiske. Ein lukkar seg for det åndelege og overnaturlege, og tenkjer og lever reint sekulært. Det inneber ikkje berre at kristendommen og alt åndeleg taper makt i samfunnet, men det har oppstått ei antikristen haldning. Alt av spesifikt kristent tankegods skal bort frå samfunnet. Skagen påviser at det er det kristne synet på familien og seksualiteten som kjem fremst i skotlina. Resultata av dette er etter kvart overtydelege.

Johannes Kleppa