Vekking skaper diakoni

Parallelt med at eg las siste bindet i Alf B. Oftestad sitt store verk om diakoniens historie, «Kirke Fellesskap Omsorg», las eg Per Hilleren si bok om vekkinga på Vegårdshei på slutten av 1800-talet, «Det blåser på heia». Det er to svært ulike bøker. Den første er eit omfangsrikt og solid fagleg verk, medan den andre er presentert som «folkelivsskildringer fra vekkelsene», og er ei lita og enkel bok. Den første har fokus på diakoni, medan den andre konsentrerer seg om vekking.

Det var likevel eit påfallande fellestrekk ved bøkene. Det var kombinasjonen av vekking og diakoni. I sin gjennom gang av diakonihistoria og kva som løyste ut omsorg, skriv Oftestad gong på gong at vekking og foreiningsarbeid fornya diakonien. Der forkynninga er sterk, løyser det ut omsorg, og der diakonien lever i kontakt med Ordet og forsamlinga, er diakonien livskraftig.

Dette vert nokså sterkt demonstrert i Per Hillerens folkelivsskildringar frå vekkingane på Vegårdshei i 1870-80-åra. Det var stor forskjell i levekår på «heia». Det var storgardar med velstand, og det var husmannsplassar med fattigdom. Det var spesielt problematisk for enker som levde på små plassar og kalde hytter langt frå folk. Dei kunne ha svært vanskeleg for å klara seg, og leid naud. Vekkingane tok ikkje omsyn til ytre livskår, men nådde inn til rike som fattig, storbønder som husmannsfolk og enker. Det løyste også ut omsorg og hjelp til dei som hadde det vanskeleg. Det vi kan kalla diakoni, om det enn var på reint personleg basis.

Hilleren fortel om ei gamal enke i ei dårleg hytte på heia som fekk flytta med alt sitt til storgarden Moe. Ho visste ikkje korleis ho skulle overleva vinteren, men så dukka ein dag Thor Moe opp med kjelke og drog henne heim til seg. Han tok henne heim med denne grunngjevinga: Jesus «sier at vi skal ta oss av faderlause og enker» og av «gamle og syke». «For å ta imot disse er det samme som å ta imot ham. Derfor vil jeg at du skal være med til Moe. Du skal være med oss alle dagene dine og være som en av oss andre i familien.» Ho vart «heime på garden».

«Men det var ikke bare dette tilfellet. Over alt hvor Jesus fikk innpass, ble hjertelaget stort. De fattige gamle ble båret til storgardene og til steder der det var husrom og råd. Til Ås kom flere syke og gamle. De var der til sin død og hadde det godt,» fortel Hilleren. Ås var også ein storgard, og som sentrum i vekkinga.

Historia frå Vegårdshei for nesten 150 år sidan, er rørande, men også til ettertanke for oss som vedkjenner oss Jesu namn og lever i eit overflodssamfunn i 2018. Det er eit godt døme på kva Guds ord og vekking løyser ut, og bør vera til inspirasjon for oss i Misjon Sarepta.

Johannes Kleppa