Listhaug og kristenfolket

Den som trur at han eller ho her skal få fasitsvaret på korleis kristenfolket skal stilla seg til Sylvi Listhaug, vert skuffa. I den grad denne epistelen gjev ein fasit på det spørsmålet, er det at ein slik fasit ikkje finst. For nokre dagar sidan ringde ein mann meg og ba meg skriva nokre ord om dette. Han reagerte på at kristenleiarar uttalte seg om den saka, og peika på at desse leiarane skal verka til vekking og omvending. Det er eit poeng som det er verdt å leggja seg på sinne.

Listhaug er ein politikarar som skaper engasjement, både ut frå hennar språkbruk og retorikk, og ut frå hennar standpunkt og politiske bodskap. Det gjer at ho lett får både tilhengarar og motstandarar. Men finst det noko spesifikt kristent svar på korleis ein skal stilla seg til henne som politikar og hennar politiske bodskap? Det trur eg ikkje det gjer, men det må det gjera om kristenleiarar og forkynnarar i eigenskap av sine posisjonar skal meina noko om saka. Dei skal berre uttala seg så langt Guds ord uttalar seg – og då skal dei til gjengjeld uttala seg like tydeleg som Guds ord uttalar seg.

Som kristne menneske har vi ansvar inn i alle forhold i livet, og kan og bør engasjera oss. Det gjeld i samfunnet og den kristne forsamlinga, i politikken og i misjonsarbeidet, i kulturen og i kristen tenking. Som kristenleiarar og forkynnarar har vi derimot berre ansvar for den kristne forsamlinga, misjonsarbeidet, den kristne tenkinga og forkynninga. Her rekk vårt ansvar så langt Guds ord uttalar seg, inklusivt å forkynna Guds vilje inn i samfunnet. Der Guds ord ikkje uttalar seg, gjeld fornufta – og i fornuftspørsmål stiller kristne og ikkje-kristne likt.

Guds ord uttalar seg tydelege om menneskeverd og nestkjærleik, men ikkje konkret om innvandringspolitikk og integreringsarbeid. Guds ord formanar oss til å styra tunga vår, men seier ikkje noko konkret om grenser eller «anstendighet» i politisk retorikk. Fornufta og den allmenne vurderinga må få sin rettmessige plass, og så må Guds ord få sin rette posisjon.

For min del er eg nokså liberal i innvandringsspørsmål, og tilsvarande sterk i kritikken av islam. Den kombinasjonen finn eg viktig. Eg synest det er mindre skade om ti som ikkje treng opphald i landet vårt, får det, enn at ein som treng det, vert sendt ut av landet. Samstundes finn eg islam ikkje berre som forføring med tanke på frelsa og æva, men også destruktiv på det samfunnsmessige og kulturelle planet. I slike spørsmål, og særleg kva det praktisk inneber, kan vi med same utgangspunkt tenkja litt ulikt, og med det skal vi ikkje binda kvarandre sitt samvit.

Forkynnarar og kristenleiarar må opptre slik at eins eigne meiningar og fornuftsvurderingar ikkje får posisjon som kristen etikk og forkynning, då skygger ein for forkynninga av Guds ord – både lovens ord inn i samfunnet og evangeliets ord til frelse.

Johannes Kleppa

 

Bildet er hentet fra facebook