Dagens gudar og religionstvang

Dei siste tiåra har det pågått ei stadig sterkare einsretting her i landet, der farten og intensiteten berre har auka. Tidlegare har det vore venstresida i politikken som har stått for dette, men no ser vi det også i det politiske sentrum og på høgresida – aller sterkast i Venstre. Når politiske parti får regjeringsmakt, synest viljen til statsstyring å ta makta. Det ser vi i dagens regjering.

Tendensar av denne typen kjem fram på ulike område, men sjølve testområdet er friskulepolitikken. Vi har nett hatt ei Gjennestad-sak, der Venstre interpellerte og der ein høgrestatsråd svarte med ideologisk innstraming. Dersom ikkje kristenfolket ved dei store kristne organisasjonane tek dette signalet på stort alvor, vil det ikkje vera lenge før det vert umogleg å driva kristne skular med integritet.

I Dagen 20. februar hadde advokat Johan Haga ein tankevekkande artikkel om denne problemstillinga med ein litt annan innfallsvinkel, «Trenger vi noen religionslov?» Svaret er nei. Haga påpeikar at framlegget til religionslov som no er på høyring, «drøfter hensynet til religionsfriheten og ytringsfriheten, men er helt uten blikk for organisasjonsfriheten». Det siste inneber at både kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar vil få problem med å fremja eit bibelsk forplikta kristendomssyn. Det vil koma til uttrykk i kva det vil vera lov å læra og forkynna, og i kva krav ein kan stilla til tilsette – til dømes lærarar og anna personale ved kristne skular. Dei som ikkje innrettar seg etter statens overordna verdisyn, definert i Grunnlova og tolka av Stortinget og Regjeringa, vil verta nekta statsstøtte. Alternativ tenking til det politisk korrekte vil verta definert som krenking av andre sine rettar og deira fridom. Dette vil verta ramma av ei sekulær og totalitær diskrimineringslov.

Haga samanliknar situasjonen med romarriket, då alle måtte dyrka statens gudar. «Den gang hette gudene Zevs, Jupiter og flere. I dag heter statens guder likestilling, seksuell frigjøring og multikultur. Nåde den som ikke dyrker disse gudene», skriv advokaten. Dei kan koma både i erstatningsansvar og fengsel. Staten tiltek seg ein reguleringsrolle når det gjeld folk si gudsdyrking, og set grenser for denne – og vil bruka både lovmakt og økonomisk makt til å trumfa sin vilje gjennom.

Kristenfolket med alle kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn bør snarast råd ta tak i denne saka, og leggja arbeid i å stansa utviklinga før det er for seint. Det bør vera ei sak på dei kristne organisasjonane sine generalforsamlingar og andre stader der saker vert drøft og vedtak gjort. Det må mobliserast med tanke på dei politiske styresmaktene – og Kristeleg Folkeparti må vekkjast i denne saka.

Johannes Kleppa

One thought on “Dagens gudar og religionstvang

Comments are closed.