Åndskamp mot staten

Åndskamp mot staten er kristent sett naturstridig, eller i det minste paradoksalt, fordi det er kamp mot styresmakta. Etter Guds ord er nasjonar og styresmakter skaparordningar for at livet her på jorda skal vera godt. Styresmakta er vilja og innsett av Gud, og difor skal vi av omsyn til samvitet lyda styresmakta (Rom 13). Dette er eit grunnleggjande prinsipp ut frå skapinga, men ved syndefall kom denne ordninga under den forbanninga som vart lagt over jorda, som alle andre ordningar.

På syndefallets jord er det difor slik at alle Guds gode ordningar kan misbrukast, og dei kan verta tekne i synda si teneste. Staten og styresmakta kan verta tenar for tyranniet og demoniske åndsmakter. Det viser Guds ord oss tydeleg med tanke på det antikristelege riket. Her vert det ein kolossal maktkonsentrasjon og ei tilsvarande einsretting av tanken, og det fører med seg samvitspress for Guds folk og forfylging (Op 13).

Den «normale» situasjonen på syndefallets jord vil vera i spenninga mellom staten som Guds gode skaparordning og den demoniske styresmakta. I denne spenninga må vi alltid vera vakne for overdriven maktkonsentrasjon og ideologisk einsretting. Kombinasjonen av makt og kontroll over tanken vil alltid føra inn i det totalitære samfunnet og tyranniet. Alle piler som peikar i den retninga må vi åtvara mot, og vi må halda oss borte frå den vegen som fører i retning det totalitære.

Vi kjenner denne problemstillinga frå langt tilbake i historia som det vi omtalar som keisardyrking, og kimen til det heile starta med tårnbygginga i Babel. Frå vår eiga historie kjenner vi det frå nazismen og «den nye tida», som vi måtte kjempa mot under siste verdskrigen. Det gav seg utslag i vedkjenningsskriftet «Kirkens Grunn». Biskop Eivind Berggrav åtvara mot det same med tanke på utbygginga av velferdsstaten som «Allfaderen». Det Berggrav med utgangspunkt i erfaringane frå krigen åtvara mot, er vi godt på veg inn i. Staten tek seg langt på veg av oss frå vi vert fødde og til vi døyr. Ja, staten har faktisk lagt til rette for at vi ikkje skal verta fødde, og det er ikkje lenge før staten også legg til rette for å avkorta livet – og mellom det er sorteringssamfunnet.

I dei to forrige Ettertanke har eg skrive om denne problemstillinga ut frå kva rett friskular og kristent arbeid skal ha til å driva arbeidet sitt ut frå eiga overtyding og forplikta på Guds ord, og å få statsstøtte til det. Ut frå det overordna perspektivet eg her har skissert, synest eg det er for liten vilje til å ta kampen på desse områda. Den negative utviklinga vil ikkje gå over av seg sjølv. Kristenfolket må her moblisera og ta den nødvendige åndskampen mot staten – før det er for seint.

Johannes Kleppa

 

Del 1 i serien: Dagens gudar og religionstvang

De 2 i serien: Statleg økonomisk makt

Bilde: Fotolia