Det spesielle er undervisninga

-Det spesielle ved opphaldet her er undervisninga i Guds ord. Det er dette som er det ekstra, og det må vi fortelja til andre når vi kjem heim, slik – omtrent – vart det sagt ein kveld på Centro Sarepta, og dei andre rundt bordet nikka og var samde. Fleire har sagt at dei ikkje har hatt høve til å gå på bibelskule, men her opplever dei litt av det. Det gjeld særleg når det er tre undervisningstimar kvar dag på føremiddagen, men til ei viss grad også når det er eit litt enklare opplegg.

Det er hyggeleg å høyra slike utsegner, fordi det stadfester det senteret er tenkt til. Sarepta har ikkje kjøpt eller driv eit feriesenter, men eit bibelsenter. Det er nok av hotell og andre tilbod for dei som vil ha rein ferie, men det er ikkje så mykje å velja i for dei som vil få systematisk undervisning i Guds ord og samstundes ha rekreasjon.

Denne veka har studentane ved senteret vore på turne for første gang, og opplevd at ei kvinne som ikkje hadde høyrt Guds ord forkynt på 20 år, var ein flittig tilhøyrar. Ei som aldri hadde høyrt evangelisk forkynning, kom også på møte. Det er misjonsarbeid i det små, men det er sant misjonsarbeid. Ved å nytta seg av Centro Sarepta når ein har tenkt seg til Spania, kan ein sjølv få undervisning i Skrifta, samstundes som ein økonomisk og åndeleg hjelper til at spansktalande får eit møte med Ordet.

Det er stort og rikt å oppleva det som så langt har skjedd ved Centro Sarepta, men eg trur dette berre er starten på noko langt større. Vi har starta undervisning for ein spansktalande elev, men om kort tid vonar og trur vi det er 2-3 til. Det er bra med alle nordmenn som får undervisning i Guds ord på senteret, men det er trass alt spansktalande som er hovudmålgruppa.

Vi vonar mange etter kvart vil seia at «det spesielle ved opphaldet her er undervisninga i Guds ord», og at det vil ha ein smitteeffekt både på spansktalande og folk frå Norden. Det er eit privilegium å få vera ein medhjelpar på huset – både med forkynning og undervisning, og med praktisk arbeid og omgang med folk.

Johannes Kleppa