Proporsjonar i reaksjon på hat

For nokre vekar sidan var det ein marsj i Kristiansand der nynazistar markerte seg. Denne marsjen fekk svært mykje omtale i media, både ut frå kven som marsjerte og ut frå at politiet ikkje greip inn trass i at det ikkje var søkt om å få halda demonstrasjonen. Det er god grunn til å reagera når nynazistar marsjerer, særleg om ein kjenner historia frå andre verdskrigen. Politiet sine vurderingar er ei anna sak.

Sjølv om det er grunn til medieoppslag når nynazistar viser seg fram som dei gjorde på Sørlandet, kan ein lura på dimensjonane det får, samanlikna med andre marsjar og anna hat. Nynazistane er ei valdeleg og farleg gruppe, men dei er relativt få samanlikna med andre hatgrupper. Dessutan er det innebygd ein motstand i folket mot nazismen etter erfaringa med Hitler.

I ein propalestinsk demonstrasjon i Oslo 22. juli i år vart det ropa antisemittiske slagord. Det vart også omtalt i media, men i langt mindre omfang enn nazimarsjen i Kristiansand. Slik er det nesten alltid når det gjeld antisemittisme, særleg når denne kjem frå muslimsk eller islamistisk hald. Det er ei kjent sak at europeiske muslimar, inkludert norske, har langt sterkare antisemittiske haldningar enn folk flest. Det er også ei kjent sak at svært mykje av dagens terror har opphav i islam. Islam er ein religion som stadig avlar hat, sjølv om ikkje muslimar generelt er hatefulle.

Norske jødar er ei svært lita gruppe, men med det er dei også sårbare. Mot denne minoriteten har antisemittisk vald auka. Det er kontinuerleg politivakt med den jødiske synagogen i Oslo, og på sommarleir i den norske fjellheimen måtte jødiske barn ha politivakt. Dette er det lite mediefokus på. Derimot er det mykje skriving om «islamofobi», kva no det måtte vera. Den muslimske folkegruppa i Noreg er langt større enn den jødiske, men det trengst inga politivakt ved moskear eller på arrangement for muslimske barn.

Kor vert det av dimensjonane i omtalen av hat, og i spørsmålet om kven hatet er retta mot og kor det kjem frå? I Dagen skreiv nyleg Lars Akerhaug, som er ekspert på denne typen spørsmål, ein kommentarartikkel med tittelen «Hatet vi ikke snakker om».

Johannes Kleppa