Å la seg rettleia og å rettleia

Skriftordet ved husandakten her ein dag var om kong Ussia og presten Sakarja, der det står om Ussia: «Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på synene frå Gud» (1 Kr. 26,5). Det vekte meg for nokre tankar i to retning – i retning Ussia og i retning Sakarja.

Ussia var ein ungdom på 16 år då han vart konge, men hadde den visdomen og den audmjuke haldninga at han let seg rettleia av presten Sakarja. På det viset søkte Ussia Gud, og så lenge han gjorde det, let Herren det gå vel for han. Då Sakarja døydde, slutta Ussia å søkja Gud, og tok seg til rett på det åndelege området. Han hadde vorte overmodig, og då gjekk det han gale.

Det er viktig for alle å eiga den haldninga at ein let seg rettleia ut frå Guds ord, og då av folk Herren har utrusta til nettopp det. Det er ikkje minst viktig for folk som har fått som oppgåve å vera styresmakt, eller har fått anna høg stilling. Diverre synest ikkje det å vera den haldning som er rådande i folket vårt i dag, særleg ikkje hjå styresmakta eller hjå andre som har sterk påverknad på samfunnet. Det vil gje seg negative fylgjer før eller seinare

Det skulle vera sjølvsagt at folk som har leiarposisjonar i kyrkje og kristenliv, eller har åndeleg ansvar på eit eller anna vis, søkje Herrens rettleiing der denne er å finna i truskap mot Guds ord, og ut frå openberringsande. Diverre sviktar det mykje også her, og ein leier ut frå mennesketanken.

Om Sakarja heiter det at han «skjøna seg på synene frå Gud». Det er føresetnaden for å kunna vera ein sann åndeleg rettleiar. I det gamle Israel var det ein del slike gudutrusta menneske, både prestar og profetar, men i lange periodar var det få eller ingen av same åndeleg kaliber som Sakarja. Då var det ikkje skikkeleg rettleiing å få. Den sanne Guds rettleiar talar slik at han vert høyrt, og slik at folk må ta stilling til det – også styresmakta og alle i høg stilling.

Også her i landet har vi hatt nokre som talte slik at det vart høyrt, men det er smått med den slags no. Det er vanskeleg å få auga på nokon av typen Sakarja. Det er ei stor naud for oss, både som folk og kristenfolk, at det ikkje er nokon som rettleier med openberringsande og -kraft ut frå «synene frå Gud».

Det bør vera ei stor bøneoppgåve å be om leiarar både i folket og kristenfolket som søkjer Herrens rettleiing. Det er ikkje ei mindre viktig oppgåve å be om at Herren reiser opp åndelege rettleiarar blant oss, slik som skjønar seg på synene frå Gud.

Johannes Kleppa