Lyset og tida

Då Gud skapte universet, skapte han samstundes både lyset og tida. No er vi i ei årstid som er prega av begge delar. Vi er i mørketida, men der sola «har snudd», og det går mot lysare dagar. Vi er ved årskiftet som markerer at tida går, men at ho også kjem – så lenge det er tid. Ved overgangen frå eit år til eit anna er det som om tida «byrjar på nytt», ved at vi startar på ein ny årssyklus. Slik vil det vera så lengde det heiter tid, først i æva vil det vera berre lys og evig dag. I æva er det ikkje noko som heiter tid.

Det første Gud skapte som ledd i at han ordna universet og skapte livet, var lyset. Lyset er føresetnaden for alt anna, både med tanke på det jordiske og det åndelege. På første skapingsdagen sa Gud: «Vert lys, og det vart lys.» På den fjerde skapingsdagen skapte Gud sol, måne og stjerner. Med det skapte Gud tida. Sola sin gang gav dag og natt (døgn), veker, månader og år. Ved at Gud slik skapte tida, skapte han også historia. Historia og livet vert på denne måten framadgåande, det vi kallar lineær. Med det har historia eit opphav, eit startpunkt, og ho har eit mål, ei avslutning.

Dette er viktig med tanke på frelseshistoria og kristen røyndomsforståing. Det er med og gjev meining til tilværet. Tida er ikkje som ein syklus, der historia og livet går i ring utan opphav, mål og meining. Slik vil det vera ut frå ei naturalistisk evolusjonsoppfatning, ut frå ei panteistisk forståing av av tilvære der Gud er i alt og ut frå ei upersonleg eller polyteistisk gudsforståing som er utan personleg identitet og orientering. Ei syklisk forståing av historia legg grunnlag for ein tanke om reinkarnasjon, eller at alt går opp i alt eller ingen ting.

Det er nokre som vil laga eit motsetjing av at Gud skapte lyset før han skapte sola, men det er ei kunstig motsetning, fordi poenget med den første og den fjerde skapingsdagen er heilt ulikt. Den første gjeld lyset og livets føresetnader, den andre gjeld tida og meininga med historia. At Gud så held dette saman, slik at lyset og tida spelar på lag, kan ikkje vera noko problem sett ut frå Guds visdom og skaparmakt – tvert imot er det nokså naturleg. I herlegdomen held han også lyset og tida saman, på den måten at sola er bytt ut med Lammet som lys, og tida er med det bytt ut med æva.

Johannes Kleppa