Freista til å mistenkja kvarandre

I boka «Kyrkja og Guds folk» som kom ut for snart 100 år sidan (1923) skriv Ludvig Hope: «Så vidt eg kan skjøna går vi no mot ei stor KRISE i lekmannsarbeidet». Det skjedde då også ut over 1920-talet, men på 1930-talet fekk vi ei ny vekkingsbølge med mange musikklag, nye bedehus og ei sterkt ekspansjonstid for barne- og ungdomsarbeidet. Denne perioden er kalla for gullalderen for bedehuset. Dei ulike organisasjonane bygde seg sterkt opp. Det siste var ein styrke for lekmannsrørsla på kort sikt, men det spørst om den sterke organisasjonsbygginga med stor vekt på kvart arbeidslag var god på lang sikt. Den samla veneflokken eller forsamlinga på bedehuset kom under press frå organisasjonstilknyttinga med alt som låg i det.

Hope gjev seks grunnar for sin frykt for krise i lekmannsarbeidet. Var det fare for krise etter dei store vekkingane som hadde vore på byrjinga av 1900-talet, er faren enda større no. Ser vi situasjonen i kvitauga, må vi erkjenna at bedehusarbeidet er i krise. Nokre av dei grunnane som Hope gav i 1923, er lite aktuelle no, medan andre er berre meir aktuelle i dag.

Det første punktet han nemner, er at «vi maktar ikke å halda i hop, vi som, høyrer i hop», vi dett frå kvarandre i mange organisasjonar – «organisasjonstrongen har sprunge løpsk». Som fylgje av dette nemner han som det andre punktet:

«Me som går ut med ordet til folket i desse mange organisasjonane, vert freista til å mistenkja kvarandre, tala vondt om kvarandre og bera avind mot kvarandre.»

Det er vel knapt noko av oss, korkje vi som reiser med Guds ord eller dei lokale leiarane i organisasjonane, som vil erkjenna dette. Vi overfører det lett på folk i andre arbeidslag, og då nærmar vi oss det som Bibelen seier om flisa og bjelken.

Sjølv er eg ute og talar for ulike organisasjonar, og eg registrerer alt for ofte at det vart talt kritisk og negativt om andre organisasjonar og arbeidarar der. Kritikken går begge vegar, for ikkje å seia i alle retningar. Eg opplever dette som både vondt og vanskeleg. Bedehusflokkane er ofte små, og det er vanskeleg å samla dei glørne som er, om ein har for stort syn for sitt eige og for lite syn for andre sitt arbeid.

Det er rett at vi skal ha ei prøvande haldning til alt som skjer i Guds rike, og ikkje godta alt, men for ofte er vi for lite rause, og vi kan gjerne øva oss meir på dei bibelske prinsippa om å vera «varmhjarta mot kvarande i brorskjærleik» og å «kappast om å heidra kvarandre» (Rom 12.10).

Johannes Kleppa