Fortapinga må forkynnast

Det er oppstått ein nokså intens debatt om fortapinga etter at pensjonert biskop Tor. B. Jørgensen har gått ut og sagt at ingen går fortapt, alle vert frelste til slutt. Han har hatt dette synet ei stund, men enda lengre har det vore slik at fortapinga har vore tabu i forkynninga hans. Det går fleire tiår tilbake til erfaringar han gjorde son misjonær i Japan.

Det er mange tankar ein kan gjera seg rundt det Jørgensen no seier. Det eine er at det er underleg at ein som anten ikkje trur på fortapinga eller i det minste ikkje forkynner henne, kan vera generalsekretær i ein misjonsorganisasjon som nettopp har som hovudmålsetjing at folk skal verta frelste frå fortapinga ved at dei kjem til tru på Jesus. Det andre er kvifor han ikkje gjekk av som prest eller biskop då han kom til den konklusjonen at han ikkje lenger kunne stå for det vedkjenninga seier om fortapinga, og som han ved ordinasjonen var forplikta på.

Det vi for vår del bør ta til oss av det den pensjonerte biskopen seier, er at fortapinga praktisk talt ikkje vert forkynt i noko samanheng. Han hevdar at ein gjennomgang av misjonsblada ville vist at fortapinga ikkje vert forkynt i same omfanget og på same måten som før den store helvetesdebatten på 1950-talet. Fortapinga vert berre pliktskuldig nemnt i bisetningar. Det har han truleg rett i, diverre.

No er det slik at måten ein ordlegg seg på, kan og vil variera litt gjennom tidene og i ulike kulturar. Poenget er at den realiteten som fortapinga er, vert halden fast og forkynt. Det er berre gjennom forkynninga ein kan halda fast på denne realiteten. Det er ein realitet som inneber at alle som ikkje tek mot frelsa i Jesus Kristus går fortapt. Det er ein frykteleg og smertefull realitet med tanke på alle menneske, og særleg med tanke på våre aller nærast. Det vil vera uttrykk for svikt og mangel på kjærleik å la vera å forkynna dette, slik at folk søkjer Kristus i omvending og tru.

Dersom den debatten som har kome i kjølevatnet av Jørgensen si «avlysing» av helvete, fører til at vi som vil vera tru mot openberringa i Bibelen, tek større ansvar og faktisk forkynner fortaping i sterkare grad, har det trass alt kome noko godt ut av debatten – trass i det galne utgangspunktet.

Johannes Kleppa

50 thoughts on “Fortapinga må forkynnast

  1. Tilbaketråkk: dark0de market link
  2. Tilbaketråkk: cavapoo puppy
  3. Tilbaketråkk: vender conta tibia
  4. Tilbaketråkk: Construction Security
  5. Tilbaketråkk: Bildemontering Kungälv
  6. Tilbaketråkk: pic3456
  7. Tilbaketråkk: askmebets
  8. Tilbaketråkk: isc888
  9. Tilbaketråkk: islot99
  10. Tilbaketråkk: luck77
  11. Tilbaketråkk: dispensary security
  12. Tilbaketråkk: Dark0de Market URL
  13. Tilbaketråkk: Dark0de Market
  14. Tilbaketråkk: darkfox market
  15. Tilbaketråkk: go to this site
  16. Tilbaketråkk: travel tips
  17. Tilbaketråkk: blogunok
  18. Tilbaketråkk: carding dumps
  19. Tilbaketråkk: Construction Surveillance
  20. Tilbaketråkk: fag bearings
  21. Tilbaketråkk: Oxycodon Nederland kopen
  22. Tilbaketråkk: Sales Software
  23. Tilbaketråkk: 性別適合手術
  24. Tilbaketråkk: El Mirage AZ real estate
  25. Tilbaketråkk: 성전환 수술
  26. Tilbaketråkk: Iceland travel tips
  27. Tilbaketråkk: ตัดกราม
  28. Tilbaketråkk: how to become a pilot
  29. Tilbaketråkk: Electricity Plans
  30. Tilbaketråkk: elangqq poker
  31. Tilbaketråkk: betboo giris adresi
  32. Tilbaketråkk: bettilt giris
  33. Tilbaketråkk: en iyi casino siteleri
  34. Tilbaketråkk: best dumps website 2020
  35. Tilbaketråkk: 해외축구중계
  36. Tilbaketråkk: hop over to this website
  37. Tilbaketråkk: Clover Necklace
  38. Tilbaketråkk: Bassetti Restposten
  39. Tilbaketråkk: intanqq
  40. Tilbaketråkk: Car dealership security

Comments are closed.