Det må talast om Jesus

Med tanke på kristen tru og kristen teneste må vi ikkje setja opp mot kvarandre det som høyrer saman. Det å leva eit liv som vitnar om Jesus, må ikkje setjast opp mot det å vitna om Jesus i ord. Det som gjeld diakonalt arbeid, må ikkje setjast opp mot forkynninga. Det å samtala med andre om Jesus, må ikkje setjast opp mot det å proklamera evangeliet.

Det er likevel slik at i alt som må gjerast, er det ein ting som ikkje må latast ugjort: å tala om Jesus med ord. I samband med sin møteturne i Noreg understreka Will Graham at det må talast om Jesus med ord. Han gjorde klart at han hadde tru på proklamasjonen av Guds ord. Det er ei viktig presisering og fokusering. Med det har han plassert seg i ein god tradisjon frå sin bestefar, Billy Graham.

Forkynninga er under press for tida, både i mengde og substans. Vitnemålet, samtalen og det åndelege fellesskapet er viktig, men alt dette vil gli ut og mista si kraft om evangeliet ikkje vert proklamert med åndskraft inn i forsamlingane, og med det inn i den einskilde sitt liv. Det er proklamasjonen av Guds ord som gjev retning og innhald til alt anna.

I denne proklamasjonen er det viktig sjølve evangeliet, Guds nåde i Kristus, får sin rettmessige plass, og med det gjev åndsmakt i forkynninga. For litt sidan var det ein som kommenterte ei preike med å seia at ho ikkje var boren av nåden. Sjølv om det ikkje vart sagt noko galt, og sjølv om vi fekk eit sterkt glimt av nåden mot slutten av preika, var det noko mangelfullt med preika totalt sett. Slik vert det gjerne når folk som ikkje har nådegåve og åndsutrustning til å forkynna, vert sette til å tala. Det er med andre ord viktig at dei rette personane vert sette til forkynnaroppgåver for at Jesus skal verta rett forkynt, samstundes som det er viktig å framheva at alle i sine samanhengar må tala om Jesus.

Johannes Kleppa