Det vi måtte ha

Vi har nett feira Kristi Himmelfartsdag. Det er nok ei feiring som har vore av det stille slaget, bortsett frå hjå dei som har feira konfirmasjon denne dagen. Slik burde det ikkje vera, fordi dette er ei viktig kristen høgtid, sjølv om dagen felle midt i veka på ein torsdag.

Kristi himmelfartsdag markerer at Guds Sons tid på jorda i skapnad av eit menneske var over. Frelsesverket var fullført, og han som kom frå himmelen til jorda, kunne ta turen tilbake til himmelen. Det var han som var på jorda som no inntok himmelen, altså Jesus som sann Gud og sant menneske. Han kom med utan sår, men for tilbake med naglemerka hender og med sår i sida.

Kristi himmelfartsdag er samstundes ei feiring av Jesus som øvsteprest. Jesu har enda si presteteneste her på jorda, ved at soningsofferet vart frambore ved at hans lekam var ofra til soning for syndene våre ein gong for alle og for alltid. Jesus var ikkje berre prest, men han var også øvsteprest, og det er han til evig tid. Jesus for altså til himmelen for å halda fram tenesta si der, og det omtalar Guds ord som «ei hovudsak» i trua vår.

Det er særleg Hebrearbrevet som omtalar Jesus som øvsteprest, og då ut frå denne tenesta i den gamle pakta. Det er sagt kva øvsteprest «vi måtte ha», og så er det sagt at «vi har ein slik øvsteprest», og han har sett seg ved høgre sida av Majesteten i det høge og uøver der denne tenesta til evig tid (7,25 – 8,2). Den øvsteprestlege tenesta gjer han ved at «han no openberrar seg for Guds åsyn for vår skuld» (9,24). Når vi tek vår tilflukt til Jesus, ser altså Gud han som har sona synda vår – og vi kan sjå Gud via han.

Johannes Kleppa