Om «Predikantenes gravplass»

Denne spalta heiter «Ettertanke», og epistelen i dag er bokstavleg talt ein ettertanke – ein ettertanke til artikkelen «Predikantenes gravplass» som Jan Tore Olsen nett skreiv her på heimesida til Sarepta.

Det er Spania som vert skildra som ein slik gravplass, altså sjølve kjerneområdet for Sarepta sitt arbeid. Det at eit land vert omtalt som ein gravplass for forkynnarar, bør generelt skapa ettertanke – og for oss som har fått ansvar i Sarepta, bør det skapa ekstra ettertanke, sidan det dreier seg om Spania.

Det er ikkje snakk om ein fysisk gravplass, men om ein gravplass for teneste – og i nokre tilfelle for tru. Det dreier seg om predikantar som hadde sett det som eit kall å forkynna evangeliet i Spania, men som gav opp fordi resultatet vert dårleg. Menneskeleg sett er dette lett å forstå. Det er vanskeleg å halda ut der det ikkje synest å vera resultat av det ein gjer. Det kan tolkast som feil bruk av ressursar, eller som at ein har teke feil av sitt kall. Det kan faktisk også vera rett. Det at eit arbeid er starta opp, inneber ikkje at dette arbeidet alltid skal halda på. Nokre gonger må arbeid avsluttast, av ulike grunnar.

Vi ser stadig at folk har urealistiske tankar, visjonar og draumar om kva som skal skje i misjonsarbeidet – ikkje minst når ein starta nytt og erobrande arbeid. Når avstanden vert stor mellom visjonar og resultat, er det lett å verta mismodig og gje opp. Det er ikkje for ingen ting at Jesus seier at den som skal gå i krig, må vurdera kostnadene med dette før ein går til angrep, slik at ein veit om ein er rusta til det eller ikkje. Det må vi også gjera i misjonsarbeidet. Samstundes er det viktig å eiga tru på det ein steller med, og ha tillit til Herren i arbeidet.

I artikkelen vert Spania omtalt som eit svært hardt land å arbeida i. Om Spania er eit land som slik sett peikar seg negativt ut, har eg ikkje føresetnader for å vurdera. Generelt er det jo slik at avkristna område er harde arbeidsmarker. Der den mottakelege ånda flyttar ut, flyttar lett motstandsånd inn. For Sarepta sin del er det i alle fall grunn til å ta det som vart sagt om Spania i artikkelen «Predikantenes gravsted» på stort alvor, og med det be Herren om tolmod og langmod, om ei uthaldande og frimodig ånd, om tillit til Herrens kall og Herrens ord.

 

Johannes Kleppa