Kortkurs og bibelopplæring

Denne veka er eg på Fjellheim Bibelskole og underviser på kortkurs. Det har eg vore i mange år, og det er alltid like hyggeleg. I byrjinga av januar var eg på eit tilsvarande opplegg på Tonstadli. Det er som ein mini-mini-bibelskule med undervisning heile dagen i ei veke – i bibelfag, truslære, etikk og andre fag. Her er folk i alle aldrar, og interessa for undervisninga er stor – sjølv om det for nokre er uvant å sitja så mykje på skulebenken.

Det er nok fleire leirstader og bibelskular som kunne satsa på slike bibelkurs, og det burde vera enda fleire av Guds folk som prioriterte det. Trongen for kristen kunnskap generelt, og bibelkunnskap spesielt, er langt større enn dei fleste er klar over. Etter som kunnskapen minkar, ser ein mindre behovet for slik kunnskap – med dei negative konsekvensane det har for det personlege gudslivet, forsamlingslivet og misjonstenesa.

Rundt om på bedehusa burde ein også satsa meir på bibelopplæring. Eg har hatt mange bibelhelger med fem bibeltimar, eller vekedagar med to timar for kvelden. Responsen på det er alltid positiv. Alt for mange leiarar er her for beskjedne, eller dei ser ikkje behovet eller dei trur ikkje folk klarer så mykje. Det viser seg å vera feil. Forkynnarane bør nyttast betre ut enn berre ein time for ein kveld, og folk si tid burde nyttast betre med å utvida tida på bedehuset nokre kveldar litt.

Bibelopplæring er avgjerande for varig kristen fornying, for sunt kristenliv og for livskraftig misjonsarbeid. Eg vil difor utfordra kristenfolket generelt og bedehusleiarane spesielt på dette, og eg vonar Sarepta kan få bidra litt på dette området.

For Sarepta sin del vonar eg også at vi om ikkje lenge skal koma i gang med eit bibel- og opplæringssenter i Spania. Trengst bibelopplæring her i landet, trengst det enda meir i Spania. Eit slik senter kan difor få bety mykje for å nå spansktalande med sunn kristen kunnskap, men det kan også vera ein god stad for nordmenn til å arbeida grundig med Guds ord. Eg vonar difor mange vil vera med i bøn for at dette må lukkast, om det er Herrens vilje.

Johannes Kleppa