Islam i Spania

Spania er i dag eit katolsk dominert land nominelt sett, og det er inn i det Spania Sarepta skal driva misjonsarbeid. Slik har det ikkje vore alltid. Gjennom det meste av mellomalderen var landet dominert av islam, sjølv om fleirtalet av innbyggarane ikkje var muslimar.

Islam er ein religion som i stor grad har ekspandert ved krig. Difor er islam kalla «sverdets religion». Dette heng saman med at hovudsaka i islam er å underkasta seg Allah, og at i det ikkje vert skilt mellom religion og samfunn. Islam vert med det ein tvangsreligion, ein totalitær ideologi. Muhammed er Allahs sendebud og idealet for korleis ein muslim skal vera og handla, og difor reagerer muslimar så sterkt når Muhammed vert spotta eller karikert.

Islams erobring starta på 600-talet ved at Muhammed opptrådte som kombinert åndeleg leiar og krigsherre og underla seg den arabiske halvøya. Etter det gjekk islam raskt sin sigersgang gjennom Nord-Afrika og over til Spania, og var i ferd med å erobra Europa frå sør. Det islamske overherredømet i Spania vart endeleg nedkjempa på slutten av 1400-talet. Då prøvde islam å erobra Europa frå Tyrkia. Når Luther åtvarar mot «tyrken», er det islam han meiner. Denne kampen vann Europa så seint som i 1683 ved slaget om Wien, men det vart nokre islamske lommar på Balkan.

Som islam utbreidde seg ved krigsmakt, vart muslimane stogg med same metoden – ikkje av kyrkja, men av styresmaktene. Som islam erobrar område ved makt, styrer dei folket ved makt. Ikkje-muslimar kan då få dhimmi-status, som inneber at dei må betala ekstra skatt, og på alle måtar opptre underdanig i høvet til muslimane. Dhimmi-statusen for jødar og kristne var svært undertrykkande i Spania over fleire århundre. Det var også omfattande jødeforfylging. Dei første jødepogromane var i Spania. Ein av byane Sarepta har fått nokre kontaktar i, er Granada. Her vart alle dei 5000 i det jødiske kvarteret slakta ned i 1066, fordi ein jøde stod bak bygginga av eit stort palass.

Med bakgrunn i historia knytt tjl islam i Spania, er det underleg å tenkja på at det i dag er langt over ein million muslimar frå Nord-Afrika som bur og arbeider langs sørkysten av Spania – og som vi fritt kan nå med evangeliet på spansk!

Johannes Kleppa