Vi har ofte løfta fram at det kjem folk frå mange ulike land og samanhengar til Centro Sarepta. Det er gjennom året svært internasjonalt. Når det er leirar og andre arrangement for spansktalande, er det nokre etniske spanjolar, men dei fleste har bakgrunn frå spansktalande land i Sør-Amerika eller dei kan frå andre land.
Denne veka har det vore utprega nordisk. På bibeltimar og møte har det vore folk frå Noreg, Sverige, Danmark og Island. I andre samanhengar har vi også hatt folk frå Finland. Sjølv om vi også denne veka har talt på norsk, har nordmenn vore i klart mindretal. Andaktane på morgonsamlingane vert tolka til spansk. Det nordiske preget vil vi finna også på seinare tidspunkt.
Det er interessant og litt tankevekkande å oppleva det så sterkt nordisk på Centro Sarepta, fordi vi ofte talar om Norden med tanke på det som skjer i «heimearbeidet». Det er jo ikkje så mange møte vi har utafor Noreg, men nokre. Det er også nokre som kjenner og støttar Sarepta i våre naboland.
Kristenlivet i dei ulike nordiske landa har litt ulik historie og litt ulikt preg, men det er svært mykje som er likt. Det same gjeld utviklinga for land og folk generelt, og for den kyrkjelege og åndelege situasjonen. Dette gjer at det er natur å tenkja nordisk om Sarepta sitt arbeid, sjølv om det kan synast i det mest ambisiøse laget for ein så liten organisasjon. Eg vil peika på tre forhold i denne samanhengen.
Det først er det språklege. Sjølv om vi har ulike språk, vil vi stort sett forstå kvarande i Noreg, Sverige og Danmark. Det gjer at vi langt på veg kan nytta oss av forkynnarar/lærar og litteratur på tvers av landegrensene. Det skjer forholdsvis ofte på Centro Sarepta. Diverre går det ikkje med tanke på islandsk og finsk, bortsett frå finsk-svensk.
Det andre er behovet for forkynning. I alle dei nordiske landa har det gått tilbake med forkynningsarbeidet. Det er stort behov for evangelisk-bibelsk forkynning, sjølv om det ofte er lite spørsmål etter forkynning. Faktisk er det slik, at til mindre etterspørsel det er, til større er behovet. Det viser nemleg at det mange stader er lite eller ikkje forkynning. Det at folk ikkje spør etter forkynnarar, betyr ikkje at det ikkje er behov. Det vil alltid og over alt vera behov for Ordets forkynning, fordi det er Guds veg til frelse for folk. Det er også difor vi driv misjon og sender misjonærar til unådde folkeslag. Sjølv om dei nordiske landa ikkje kan seiast å vera unådde i eit misjonsperspektiv, er det aller meste av folket utan nemnande kontakt med Ordet og forkynninga.
Det tredje er at ånds- og læresituasjonen er omtrent lik i dei nordiske landa. Liberal teologi og vranglære har gripe om seg i eit enormt omfang, og det har vore ei svært negativ utvikling på uhyre kort tid. Dette gjeld i teologien generelt, men særleg med tanke på ekteskaps- og samlivsetikken og med tanke på frelsesspørsmålet. Forkynninga er i stor grad uklar og ho fokuserer i lita grad dei sentrale frelsessanningane. Det er med andre ord stort behov for bibelsk forplikta og frelsesorientert forkynning. Det trengst læreforkynnig av klassisk kristen karakter, og det trengst forkynning som kallar til frelse og nytt liv.
Det er ei stor oppgåve å gå inn i den situasjonen eg her kort har skissert. De krevst at den som vil gjera det, må vera bibelsk og evangelisk orientert og forplikta. Det ønskjer Misjon Sarepta å vera i alt sitt arbeid og i all si forkynning, men det er ingen automatikk i at ein er det. Det krev ei medvita haldning, grundig arbeid med Guds ord og intens bønn. Måtte Sarepta vera i den posisjon. Då kan ein vera noko for Norden, og kanskje enda meir ved eit meir omfattande arbeid i framtida. Det vil også gje seg positive ringverknader med tanke på arbeidet på Centro Sarepta, i Spania generelt og for det som ellers måtte opna seg i arbeidet.
Johannes Kleppa