I Korsets Seier og på Dagens nettside møtte vi nett ei overskrift som seier: «Prest vil kvitte seg med ord som frelse, rettferdiggjørelse, forsoning og himmel.» Dette høyrest svært radikal og brutalt ut. Når vi les intervjuet med presten, vert det noko meir nyansert og til ettertanke.
Utgangspunktet er at folk flest ikkje forstår desse orda og andre sentrale kristne omgrep, og med det kommuniserer dei ikkje godt. I tidlegare tider med meir kristendomskunnskap og der folk i større grad høyrde Guds ord forkynt, var dette annleis. Presten, som seier han står for klassisk kristendom og ikkje vil revolusjonera trua, meiner at dei nemnde orda anten må erstattast eller forklarast. Skjer ikkje det, vil folk ikkje få tak i kva kristendom er.
Ut frå eit bibelforplikta syn som reknar Bibelen som openberring, er det umogleg å erstatta sentrale bibelske omgrep og seiemåtar. Ordbruken er del av openberringa, og med det forpliktande for oss og for forkynninga. Det er ord som Gud har vald for å formidla ein bodskap frå himmelen. Orda svarar til saka. Erstattar vi orda med andre og meir forståelege omgrep, endrar vi samstundes bodskapen. Dette kjem eksplisitt til uttrykk i 1. Kor 2. 9-13. Der heiter det at det som Gud hadde tiltenkt mennesket, men som mennesket ikkje kunne finna fram til sjølv, openberra Gud for apostlane, og då med ord lærte av Den Heilage Ande. Dei tolka «åndelege ting med åndelege ord».
Frå ei side sett er det rett at Paulus og andre bibelske forfattarane brukte ord som var vanlege på den tida. Dei hadde vel ikkje noko val i så måte. Kva ord skulle dei elles bruka? Poenget er at dei ikkje bruka kva ord som helst, men ord som Herren gav dei å bruka for å få fram det Gud ville ha sagt. Dei valde korkje bodskap eller ord, men fekk det. Vi finn ikkje betre eller meir tenlege ord og omgrep enn Anden fann. Det må vi førehalda oss til.
Derimot må omgrepa forklarast. Det er stor grad det forkynning og undervisning har gått ut på til alle tider. Så lenge vi hadde ei solid kristendomsundervisning i skulen og ved konfirmasjonen, kunne ein i stor grad rekna med at sentrale bibelsk omgrep vart forstått i forkynninga utan nemnande forklaring. Slik er det ikkje lenger, og det er fleire tiår sidan det var slik. Difor må vi i dag bruka langt meir tid i forkynninga på å forklara ord og uttrykk, elles vert dei garantert mistydde. Rett nok er det slik at Anden også må verka med openberrings Ande i den einskilde sitt hjarta, for at bodskapen skal verta personleg tileigna, men det skjer ved den faktiske undervisninga og forkynninga.
Det er viktig at ein i heim og skule, i barnearbeid og forkynning brukar bibelske ord og uttrykk, og at ein forklarer desse. Det må stadig gjerast på nytt. Innhaldet i slike omgrep er så forskjellig frå slik ein naturleg tenkjer og slik folk flest i dag tenkjer, at det stadig må gjerast på nytt. Vi må altså respektera openberringa, men vi må også ta på alvor forkynninga og undervisninga si oppgåve.
I det eg skriv desse linene, er eg nett komen til Centro Sarepta for å vera her ei god veke som vertskap og talar på Bibelsommer. Det første eg møtte var ein stor flokk ungdomar, og nettopp i møte med ungdom er det særleg viktig at sentrale bibelske omgrep vert brukte og forklarte. Her har Centro Sarepta ei viktig oppgåve. I møte med spansktalande, særleg dei med katolsk bakgrunn, er det nok ekstra viktig.
Johannes Kleppa
foto: adobe stock