Urikkande fast ved samfunnet

Eg er ved Centro Sarepta for tida på fjellturleir, og det er interessant og hyggeleg på ulike måtar, ikkje minst åndeleg sett. Denne veka har vi hatt timar frå Apostelgjerningane. Her er mykje stoff, og mykje til ettertanke og lærdom.

Om dei første kristne står det: «Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene.» Det er det vi omtalar som dei fire b-ane: Bibelen, brodersamfunnet, brødsbrytinga og bønene. Vi kan lett tolka dette for snevert og for mykje ut frå vår erfaring frå kyrkje og bedehus, altså ut frå dagens forsamlingsoppleg og åndelege situasjon. Det er trass alt skrive med bakgrunn i dei først jødekristne sin bakgrunn i synagogen, og ut frå slik det vart praktisert i aposteltida.

Ein del av det dei held fast på, og det urikkeleg, var samfunnet. Det var eit samfunn i synagogen med samvær, skriftlesing og skriftutlegging. Det tok dei med seg inn i den kristne forsamlinga, slik at samlinga om Guds ord prega samfunnet.

Om dei som kom til tru den første tida, heiter det at dei hadde «eitt hjarta og éi sjel», og her er det brukt talordet om eitt hjarta og éi sjel. Så inderleg var samfunnet. Dei var eitt i Kristus og dei var eitt med kvarandre. Det var ikkje berre ei åndeleg eller ei teoretisk sak, men det gav seg synlege og praktiske utslag.

Det innebar at «ikkje ein einaste sa at det han åtte var hans eige, men dei hadde alt i lag.» Det betydde ikkje at den private eigedomsretten var oppheva eller at det var ei ekstrem form for kommunisme, men at alt dei åtte stod til teneste for Gud og vart brukt til beste for nesten. Praktisk betydde det at ingen leid naud, fordi dei delte på alt etter som det var trong. Nokre selde det dei åtte for å gje til trengjande, andre stilte husa sin til disposisjon for den kristne forsamlinga og atter andre delte på andre måtar.

Dette innbyrdes «kjærleiksforholdet» og «deleforholdet» var eit sterkt vitnemål overfor dei som stod utafor, og det bidrog sterkt til den voldsomme voksteren for den kristne forsamlinga den første tida. Det var ein del av diakonien, og det var altså noko dei heldt urikkande fast ved.

Kan det vera at vi tenkjer for abstrakt og teoretisk, og for lite konkret og praktisk om den kristne forsamlinga og det kristne samfunnet? Har vi skilt for mykje mellom det personlege og samfunnet, mellom det private og livet i forsamlinga? Har vi gjort samfunnet og det å ha «eitt hjarta» til noko reint åndeleg som ikkje forpliktar i personlege prioriteringar? Har eigenkjærleiken og materialismen fått forrett framfor broderkjærleiken og nestekjærleiken?

Eg trur vi gjer klokt i å tenkja gjennom kva som ligg i å «halda urikkande fast ved samfunnet», og kva det forpliktar til. Det kan vera ei smertefull ransaking, men det kan også vera ei fornying av sjelevinnararbeidet.

Johannes Kleppa