Spreke folk på fjellturleir

Gjennom dei åra Centro Sarepta har eksistert, har det gått av stabelen fleire fjellturleirar, og no er det enda ein slik leir. Underteikna har vore med på alle, bortsett frå ein islandsk leir, og eg er nokså sikker på at denne leiren har dei sprekaste deltakarane, sjølv om det varierer ein del!

Det som er ekstra hyggleg med denne leiren, er at det er mange nye deltakarar. Det er berre eit par stykk som har vore på Centro Sarepta før. Det som er minst like hyggeleg, er at alderen på deltakane er etter måten låg. Dessutan kjem det ein del utafrå på bibeltimane og møta.

Været kan variera ein del på denne tida av året, og for tida er det forholdsvis kaldt, men det er stort sett sol, opphaldsvær og stilt, og då går det fint med fjellturar opp i høgder på 11-1500 meter. Det er flott natur og flotte stiar å gå på, og så langt synest deltakarane å vera godt nøgde. Bileta viser glimt frå turane.

Det er fint med natur og turar, men frå Sarepta si side er bibelundervisning, forkynning og kristent felleskap det viktigaste. På denne leiren vert Apostelgjerningane gjennomgått, og der er song og vitnemål. Deltakarane får også kjennskap til Sarepta sitt arbeid, særleg i Spania. Målet er at alle skal få noko for gudslivet sitt, og at det skal bety noko for misjonsarbeidet i Spania.