Diakonal veke på Centro Sarepta

Heilt sidan vi starta Centro Sarepta har arbeidet her hatt eit viss diakonalt preg. Det har vore viktig med omsorg og å inkludera folk. Vi har heile tida også hatt som siktemål å få til eit meir organisert og målretta diakonalt arbeid ut over det som skjer på sjølve senteret. Det har vi no starta med, om det enda er i støypeskeia. Det vert spennande å sjå korleis det utviklar seg, og kva kontakt med folk ein får på denne måten. To personar har 50 prosent stilling kvar, slik at det utgjer ein heil stilling.

I tillegg til dette vil vi også engasjera volontørar og elevar i det diakonale arbeidet, slik at det vert ein del av praksisen ved bibelskulen, også dette er i startgropa. I tillegg til desse to satsingane er det også slik at nokre av skulane vi har på besøk, ønskjer å bidra i arbeidet, og då er det eigna med diakonale oppdrag. Dei går då inn og hjelper andre som driv diakoni, med praktiske oppgåver.

Denne satsinga på diakoni har gjort at vi har sett diakoni som fag på timeplanet, og då med ti timar undervisning i ei veke. Dette hadde vi for første gong denne veka. Vi gjorde det då slik at også dei tilsette kunne vera med på timane om dei hadde høve til det, også spansktalande. Undervisninga vart difor tolka til spansk, og det syntes å fungera bra.

Undervisninga vart konsentrert på tre dagar, slik at volontørane og underteikna to dagar kunne hjelpa ein organisasjon som omsett til norsk heiter Hjarteekspressen. Denne organisasjonen har vi litt uformelt samarbeid med. I tillegg var vi ein tur til Alicante for å sjå på eit diakonalt arbeid der som er retta mot innvandrarar frå Sør-Amerika og Nord-Afrika, og med det også mot muslimar. Sarepta har hatt litt kontakt med dette arbeidet, og det vert spennande å sjå om det kan utviklast vidare.

Diakoni er eit omsorgs- og hjelpearbeid overfor ulike grupper som treng ulike former for hjelp. Det er ein del av nestekjærleiken å gje slik hjelp, og i det er Jesus førebiletet vårt. Bibelen er mykje oppteken med dette. Skal slikt diakonalt arbeid ha den rette drivkrafta og bera gode frukter, må det gå ut frå og stå i kontakt den kristne forsamlinga og verka ut frå Jesu forsoningsverk. Det er eit mål at dei som får hjelp, samstundes skal få møta eit kristent vitnemål og koma i kontakt med forkynning av Guds ord.

Diakonalt arbeid har fylgt den kristne kyrkja heilt frå aposteltida, og det har sin bakgrunn i Jesu eiga verksemd og i GT og jødedommen. Diakonien har vore viktig i alt bibelsk misjonsarbeid, og har hatt mykje å seia for utbreiinga av evangeliet. Vi håper det skal ha ein slik funksjon også i Sarepta sitt arbeid i Spania. Det er eit kall til misjonsfolket å be om at det må skje.

Johannes Kleppa