Bibelen talar ofte og på mange måtar om å veksa som kristen. Det er snakk om å vera på barnestadiet kontra å tåla fast føde, og det er snakk om å veksa til manns mogna. Viktige uttrykk er veksa i nåde og kjennskap til Gud, og å verta fylte med all Guds fullnad. Vi kallar også dette heilaggjering eller helging, eller å dannast etter Kristi bilete. Det er eigentleg same tanken som er framme når det er talt om å verta styrkte ved Guds veldige kraft.
Der denne åndelege voksteren ikkje er, er det noko galt med livet. Åndslivet står i fare for å døy ut. Samstundes er det slik at ein kristen ikkje kan produsera eller tvinga fram slik vokster sjølv. Det er eit Guds verk, og det skjer ved Anden og Ordet. Det er ein personleg vokster, men denne skjer ikkje isolert. All kristen vokster står i eit nært forhold til det heilage samfunnet eller forsamlinga. Rett nok er det personlege andakts- og gudslivet avgjerande viktig, men det er feil å basera seg på dette åleine. Lever ein i for stor grad for seg sjølv som kristen, vil lett den åndelege vokster stoppa opp eller verta einsidig eller usunn.
Når apostelen Paulus skriv til kyrkjelyden i Efesus, er han oppteken med deira åndsliv og deira utvikling som kristne med tanke på livet og tenesta. Det er hans bøn at det må skje ein vokster i deira gudsliv.
Det heilt fundamentale er at Gud må gje dei visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg. Skal det skje, må deira hjarto få opplyste augo så dei kan skjøna kva dei eig i Kristus (Ef 1.17ff). Den viktigaste bøna ein kristen kan be med tanke på eige gudsliv, er at Gud må gje visdoms og openberrings Ande. Utan Andens openberring vil ein ikkje vera i stand til å sjå Jesus Kristus på rett måte, eller å forstå kva vi eig i han. Då vil heller ikkje Jesus få gjera si gjerning i livet vårt.
Kristentrua er på mange måtar enkel, men ho er også djup og omfattande. Paulus bed for efesarane om at dei må verta i stand til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn i kristentrua, altså i Kristi kjærleik og det at han bur ved trua i hjarto våre. Han presiserer at dette skal dei verta i stand til å fatta «saman med alle dei heilage» (Ef 3.167ff). Det er i det heilage samfunnet denne erkjenninga og voksteren kan skje. Det har med det å gjera at her er dei ulike nådegåvene verksame, ikkje minst dei ulike Ordets nådegåver. Anden gjer si gjerning ved forkynninga. Dessutan er den felles bøna, vitnemålet og den åndelege samtalen viktig.
Når Paulus underviser om dei ulike nådegåvene til å forkynninga, seier han at desse har Gud gitt for at dei heilage skulle setjast i stand til teneste, til å oppbygga Kristi lekam (Ef 4.11ff). Den viktigaste utrustninga og dyktiggjeringa til teneste i den kristne forsamlinga, skjer ved forkynninga av Guds ord. Det er difor eit stort problem at mange som har ulike oppgåver i det kristne arbeidet, er så lite under Ordets forkynning. Då vert det lite kraft i tenesta. Tilsvarande vert det lite vokster i kristenlivet.
Eit av dei aller største problema i dagens kristenliv, er at Guds folk i så liten grad høyrer Guds ord forkynt. Då vert det lite bøn om openberrings Ande til å skjøna kva vi eig i Kristus, lite kristen vokster og lite utrustning til teneste. Det er difor ei stor og viktig oppgåve å leggja til rette for at kristenfolket får høyra Guds ord forkynt og får bibelsk undervisning, og oppmuntra folk som vedkjenner seg kristen tru til å prioritera den kristne forsamlinga og forkynninga.
Johannes Kleppa