I sin minnetale for biskop Desmond Tutu kom statsminister Jonas Gahr Støre i skade for å uttrykka seg på ein måte som støttar antisemittismen, sjølv om han heilt sikkert ikkje meinte å gjera det. Det han sa, er det likevel svært nyttig å reflektera over og ta lærdom av. Støre sa berre det svært mange tenkjer og trur.
Støre snakka om «kontrasten» mellom hemntanken i GT og tilgjeving og forsoning i NT, og framheva at Tutu praktiserte det siste, og var med det eit førebilete for oss. Som belegg for hemntanken i GT viste han til uttrykk «auga for auga og tann og tann». Med det gav han uttrykk for ei svært utbreidd misoppfatning av dette uttrykket, og med eit misbruk av det. Denne mistydinga og misbruken har vore sentral i antisemittismen og nærer opp om denne. Støre sin opptreden viser at vi alle kan koma til å gå i teneste for antisemittismen utan å vera klar over det, og mot vår vilje.
Vi har i denne samanhengen liten grunn til å hengja ut statsministeren, men vi bør bruka hendinga til å feia for eiga dør. Eg har høyrt tilsvarande sagt i kristen samanheng mange gonger, og eg har sikkert sagt det sjølv også. Det har heilt sikkert også vore sagt frå talarstolen på bedehuset, gjerne frå folk som elskar Israel og jødane. Grunnen er ei mistyding av sjølve uttrykket, og at ein ikkje tenkjer over kva ein faktisk seier, når ein uttrykkjer seg slik Støre gjorde.
Saka er den at regelen om «auga for auga og tann for tann», ikkje er uttrykk for ein regel eller ei oppfordring til hemn, korkje på det individuelle eller offentlege planet. Det dreier seg om ein erstatningsregel og ein rettsregel. Folk skal erstatta den skaden dei har gjort, korkje meir eller mindre, og i retten skal dei dømast for det dei har gjort, og ikkje noko anna. Det er altså snakk om proposjonar.
Det er ei tenking som også gjeld i vår tid her i landet, både innan forsikring og innan domstolen. Vi kan ta eit par banale døme. Dersom du er uheldig kjører på og drep ei god ku, nyttar det ikkje å koma med eit lite lam til erstatning. Dersom du kjører på ein sau, kan ikkje eigaren krevja ein hest til erstatning. Altså: lam for lam, ku for ku og hest for hest. Tek du livet av ei ørn skal du i retten ikkje dømast for drap på eit menneske – eller omvendt. Ørn for ørn og menneske for menneske
Problemet er at det ikkje berre dreier seg om å ha misforstått ein erstatningsregel, men det tillegg samstundes eit folk ei bestemt haldning. GT er jødefolket sin bibel, altså deira rettesnor og det som skal forma folket. Tillegg ein denne boka ein hemntanke av denne karakteren, tillegg ein samstundes det folket som sluttar seg til denne boka, det same. Då er ein midt i antisemittismen. Dette blir ekstra sterkt når ein viser til NT, og med det til oss som legg denne boka til grunn for tru og liv, og då som motsats til GT. Det som då vert sagt er: Kristne, som baserer seg på NT, tilgjev. Jødar, som baserer seg på GT, hemner.
No er det ikkje berre i vår tida at «auga for auga og tann for tann» vert oppfatta som eit ordtak for hemn, men slik var det også på Jesu tid. Det tok Jesu avstand frå, men han oppheva ikkje denne regelen slik han står i lova. Dessutan var dette ein erstatningsregel som ikkje var spesiell for GT og jødane, men var allmenn i jødane sitt kulturområde.
Som sagt, la oss i denne saka ikkje vera for oppteken med Støre, men la oss ta det som uttrykk for ei utbreidd halding som vi meir eller mindre er fanga inn av sjølve, og la oss med det gå i oss sjølve og læra av det.
Johannes Kleppa
foto: Adobe stock