I månadskiftet oktober/november hadde Kristian Fagerli møteveke på Sunnmøre. Det var bygdene Ørsta, Ulsteinvik, Leine og Knotten som fekk besøk frå Misjon Sarepta denne gongen. Veret var skiftande, og mange kvidde seg nok for å ta ut i regnveret og dei mørke kveldane. Likevel var det godt å merke det heilage samfunnet når kristne søsken fekk møte kvarandre. Truande vener hadde varma opp møtelokala og opna dørene for oss, og Gud opna skriftene for oss til dei rike skattane i Guds Ord. I Ulsteinvik deltok songgrupper både på fredag og laurdag, og samtalen gjekk rundt kaffebordet på laurdagskvelden.
Denne laurdagen i Ulsteinvik talte Kristian Fagerli om å ha den rette drakta på seg til bryllupet i himmelen. Han fortalde om faren som gav den bortkomne sonen den beste kledning då han kom heim frå det framande landet.Vi fekk høre om Gud som kler oss i høgtidsklede, og om frelsesdrakta og rettferdskappa som Jesus vann oss på Golgata. Han fortalde også om den store skaren som ingen kunne telje kledd i kvite kle som vi les om i Openberringa.
Han fortalde om han som møtte opp i bryllupet i sine eigne kle, og han formante oss alle til å ta imot den frelsa som Jesus vil gi oss. Vi må bygge frelsa vår på det Jesus gjorde for oss på korset. Ingenting i oss sjølve kan berge oss. Berre Jesus er vegen til frelse.
Mange var takksame etter møta desse dagane på Sunnmøre, og vi gled oss til neste gong Kristian Fagerli får høve til å besøke bygdene på Sunnmøre.
StåleT