Trump og det politisk korrekte

Eg har lese tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, si bok «Trump, Gud og kirken». Noko meir politisk korrekt er det sjeldan eg har lese, sjølv om det gjev seg ut for å vera ei kritisk analyse ut frå ein kristen ståstad. Den analysen og den vurderinga Simonnes gjer, undergrev i stor grad kristenforplikta tenking. Dessutan er det på grensa til det respektlause overfor millionar av amerikanske evangeliske kristne, og einskildpersonar frå norske kristne samanhengar får ein posisjon langt ut over det dei faktisk har.

Eg har ikkje ein agenda for å forsvara Donald Trump, særleg ikkje hans personlege opptreden. Ein treng ikkje vera i det intellektuelle toppskiktet for å finna noko negativt å seia om Trump og politikken hans. Skal ein analyse av det Trump står for og ei vurdering ut frå det av kvifor millionar av evangeliske kristne røysta på han, kan ein ikkje berre sjå på hans person og hans politikk, men ein må sjå det opp mot alternativet. I Simonnes si bok er det knapt eitt ord om Hillary Clinton, og det ho står for politisk, eller republikansk politikk opp mot demokratisk politikk, og då særleg det som har med menneskeverd og abort, trusfridom og samfunnsyn, Israel og Midtausten å gjera. Då kan ein heller ikkje ut frå ein kristen analyse ta stilling til kvifor det store fleirtalet av kvite evangelisk kristne valde republikansk framfor demokratisk og Trump framfor Clinton.

I norske analysar er det ein sterk tendens til at 74 millionar, og av dei kanskje 30 millionar evangeliske kristne, som røysta på Trump, vert stempla som bortimot idiotar som ikkje er i stand til å tenkja og som ikkje veit sitt eige beste. Simonnes meiner det var «skadelig for verden og USA» at Trump vart vald til president. Det må den tidlegare VL-redaktøren gjerne meina, men siste valet viste altså at det var 74 millionar amerikanarar som var usamde i det – og dei er faktisk ikkje dumme.

Simonnes meiner også at det var «skadelig for kristenheten» at så mange kristne stilte seg bak Trump. Det stor fleirtalet av kvite evangeliske kristne i USA meiner altså det motsette – og då ut frå ei vurdering av sentrale kristne spørsmål for samfunnet – og ikkje minst med tanke på Israel. Framstillinga er prega av mangel på respekt for amerikanske evangelisk kristne. Dei vart så «enøyde» at dei «havnet i sumpen», den sumpen som dei ville drenera.

Den analysen Simonnes gir, finn eg tynn og prega av sekulær tenking, altså politisk korrekt og ikkje bibelsk forplikta. Det er ei gjennomgåande nedtoning og undergraving av klassiske kristne standpunkt, og eit oppgjer med det bibelsynet som er det vanlege på bedehuset og i frikyrkjelege samanhengar. Då vert det ikkje til hjelp for kristen tenking når det gjeld politikk og samfunn. Det er politisk venstreorientert og teologisk liberal tenking som er styrande.

Helge Simonnes gjer etter mi vurdering ei uhyrleg slutningsrekking frå «sorg over sekulariseringen» til ekstrem terror. Han hevdar at «sorgen over utviklingen» kan gå over i «krenkelse», som i sin tur kan aktivisera «destruktive krefter» – og det leier til Anders Behring Breivik. Eit normalt kristent standpunkt vert altså sett inn i eit terrorperspektiv, sjølv om det naturlegvis ikkje er slik at ei slik utvikling «må» skje.

Den trengst kritisk kristenorientert analyse og vurdering av politikk og samfunn, men det må ha ein annan basis og eit anna perspektiv enn det vi finn i Helge Simonnes si bok. Det må vera bibelsk forplikta, og det må ta på alvor det som skjer i samfunnet ideologisk sett.

Johannes Kleppa