Den første nynorskbibelen kom ut i 1921, og med det er det i år hundreårsmarkering for den hendinga. Det spesielle er at det var bibelnemnda til Studentmållaget i Oslo som stod bak utgjevinga, med assistanse av Samlaget. Det er svært spesielt, og tankevekkande. Utgjevinga vart oppfatta som ei storhending, og det var hovudoppslaget i nynorsk avisa Gula, som kom i ut Bergen, 15.juli, med undertittel om at utgåva var i sal «fraa i dag». Eg er så heldig å ha eit eksemplar av denne første utgåva.
Det nye testamentet hadde kome ut på nynorsk i 1889, og var revidert to gonger..
Bibelselskapet var stifta i 1816, og hadde for lengst gitt ut norsk bibel på bokmål. I 1884 var nynorsk og bokmål prinsipielt jamnstelte i kongeriket Noreg, men mangt hang att når det gjeld nynorsken. Det hadde i fleire år vorte arbeidd med å få heile Bibelen på nynorsk. Dei som stod for omsetjinga, gjorde godt arbeid, men dei hadde mykje å gjera og det var lite framdrift. Bibelselskapet nølte med å ta ansvaret for arbeidet, og var ingen pådrivar i saka.
Ein del studentar vart utolmodige, og ville ha fortgang i saka med nynorskbibel. Ei gruppe fagfolk tok då ansvar og sette fart på saka. Tanken var å nytta det omsetjingsarbeidet som var gjort, men for at det ikkje skulle ta alt for lang tid, var ein villig til å omsetja til norsk frå andre språk, og ikkje i alt gå vegen om grunnteksten. Det var grunnen til at utgåva vart kalla «fyrebilsbibelen», fordi han skulle erstatta ei ny utgåve som i alt var omsett frå grunnteksten. Resultatet vart like fullt svært bra.
Denne første omsetjinga vart retningsgjevande for vidare arbeid med Bibelen på nynorsk – og fekk også innverknad på bokmålsomsetjingane, og då Bibelselskapet si nynorskutgåve kom i 1938, var denne i stor grad ei oppfylging av Studentmållaget si. Det var Ragnvald Indrebø, som seinare vart biskop i Bjørgvin, som stod for revisjonen. Denne utgåva var nynorskfolket sin bibel i to generasjonar.
Er det nokon som kan tenkja seg at Studentmållaget i Oslo i dag ville ha fått fortgang i arbeidet med å få ei bibelomsetjing på nynorsk, om vi ikkje hadde hatt ei slik utgåve? Det er utenkjeleg. Det er heilt andre spørsmål ein er opptekne med i studentmiljø i dag, enn å få Bibelen tilgjengeleg for flest mogleg. Det er diverre ikkje Guds ord som set dagsordenen anno 2021 – korkje blant studentar eller andre.
Det er til ettertanke at eit studentlag i Oslo var utålmodige med tanke på å få Bibelen på nynorsk, og det var alt ikkje eit kristent studentlag. Det var ei allment mållag. No var det sjølvsagt slik at det å ha Bibelen på nynorsk, var viktig for målsaka. Det vart lagt vinn på å få klassiske litterære verk omsette til nynorsk, og ikkje noko var meir klassisk enn Bibelen. Det viser like fullt at nettopp Bibelen vart oppfatta som svært viktig kulturelt sett og for folk og nasjon. Bibelen vart rekna med, og Bibelen vart sett i høgsetet – til lærdom for oss!
Johannes Kleppa