Tid for fjellvandringsleir

Det er mange som har gode erfaringar med fjellvandringsleir, anten det er frå Noreg eller Spania. Nokre slike har teke initiativ til at Sarepta skal har fjellvandringsleir på Vestheim, som er ein leirplass Norsk Luthersk Misjonssamband har på Vestnes i Romsdal, 16. – 21. aug.

Leiren startar med kveldsmat og møte måndag og sluttar med frukost og bibeltime laurdag. Kvar dag ellers vil det vera bibeltime, fjelltur og kveldsmøte, kombinert med sosialt og åndeleg fellesskap. Talarar er Lorents Nord-Varhaug og Johannes Kleppa. Nord-Varhaug har bibeltimane med «Tekster fra Johannes åpenbaring».

Det er mange flotte fjelltoppar ein kan nå i området med ein kort biltur frå Vestheim. Høgda på fjella varierer frå rundt 800 til vel 1400 meter over havet, og det varierer kor høgt oppe ein startar å gå. Kva turar ein vel, vil vert tilpassa deltakarane og være. Det vil også vera mogleg å vera med på delar av turen eller på nokre av turane.

På Vestheim er det også plass for bubilar og campingvogner for dei som har det.

Dette er eit nytt og spennande arrangement for Sarepta!

Sjå detaljert program med prisar og påmelding på misarepta.no under arrangement.