Det dukkar stadig opp press for å få kvinnelege eldste der ein ikkje har det. Det er i grunnen ei merkeleg sak, fordi det opp gjennom historia har vore semje i alle kyrkjesamfunn om at det er skilnad på menn og kvinner i ekteskap og kyrkje, slik at lære- og hyrdingtenesta skal menn med rett åndsutrustning ta seg av. Slik har det vore på tross av ulike kyrkje- og embetssyn, og ulike samfunns- og kultursituasjonar.
Den utviklinga vi ser no, byrja etter siste verdskrigen, men det er først i den siste generasjonen det har vore store endringar. Det skaper mykje uro og splitting, og det er alltid den som vil innføra nye skikkar, som har hovudansvaret for dei problema og den splittinga det fører med seg. Fruktene av den nye ordninga på dette feltet, synest heller ikkje å vera gode, for Den Norske Kyrkja har dei vore katastrofale.
Argumentasjonen for at menn skal ha eldstefunksjonen, er i hovudsak ført langs tre grunnleggjande liner. Det første er det Bibelen lærer om skapinga av mann og kvinne og deira ulike funksjonar, det andre er bibeltekstar som direkte omtalar saka, og det tredje er den praksisen vi finn i NT, særleg Jesu val av menn til apostlar. Ulike embetssyn fører til litt ulik vektlegging i argumentasjonen. Frå lågkyrkjeleg side legg ein særleg vekt på dei konkrete bibeltekstane, og det Bibelen generelt lærer om mann og kvinne. Med tanke på kvinners teneste legg ein vekt på det allmenne prestedømet.
Dei bibeltekstane som direkte omtalar tenestedelinga mellom mann og kvinne i den kristne forsamlinga, særleg 1 Tim 2.11-15 og 1 Kor 14.34-37, har ei omfattande og solid grunngjeving. Det vert argumentert ut frå skapinga, syndefallet og Herrens bod. Dette viser at vi ikkje har med ei perifer sak å gjera, men noko djuptgripande i Guds ord og kristen tenking.
Når Bibelen fører ein så omfattande og fundamental argumentasjon i spørsmålet, må argument for å endra det felleskyrkjelege og historiske synet i saka, vera av same grunnleggande karakter, om det skal kunne forsvara endring av halding og skikk på dette området, noko som eg ikkje kan sjå er levert.
Det er ulike typar argumentasjon for kvinnelege prestar eller eldste. I vår norske samanheng fekk vi på 1970-talet ein argumentasjon på MF der ein definerte dei apostoliske formaningane når det gjeld skaparordningar, som tidsavgrensa til den kulturen dei var tala inn i, og med det oppheva ein dei som allmenne og tidsuavhengige. Det har fått dramatiske konsekvensar. Andre har ein problematiserande argumentasjon ved at ein peikar på at det er forhold i dei aktuelle tekstane og i det samla bibelske materialet som er vanskelege å forstå eller som peikar i ulike retningar, og med det vert forbodet undergrave og vår kultursituasjon tilseier at kvinner bør kunna ha same funksjonar som menn. Nokre argumenter lausrive frå Skrifta ut frå slik ein tenkjer ei forsamling bør fungera, eller ut frå slik oppfatninga av mann og kvinne er i samfunnet i dag. Nokre få går konkret inn i tekstane og meiner dei talar på ein måte som gjer det mogleg med kvinneleg eldste i vår tid, men ordlyden i tekstane er imot dei.
Så lenge Bibelen talar som han gjer, vil dette spørsmålet leva, og stadige framstøyt for å endra praksis, vil skapa splitting og i realiteten også undergrava eldstefunksjonen. Det er god bibelsk dekning for å halda fast på eit nei til kvinnelege eldste. For Misjon Sarepta sin del er det fastslått i vedtektene at lære- og hyrdingfunksjonen er for menn, og sidan styret har denne funksjonen, skal det bestå av menn. Dette kan ikkje endrast. Folk som støttar Sarepta, treng ikkje vera samde i det, men dei må respektera det.
Johannes Kleppa