Radikal kristen eller ekstremistisk muslim

I min ungdom var det eit ideal å vera ein radikal kristen. Det vonar eg det framleis er. Eg ønskjer å vera det sjølv, men eg vågar ikkje seia at eg er det. Til det er det eit for høgt ideal samanlikna med livet mitt – diverre. Det å vera ein radikal kristen er å ta Gud og hans ord på alvor, og la det vera bestemmande for livet og for alle livsområde når det gjeld etikk, prioritering og spørsmålet om frelse eller fortaping.

Det å vera ein radikal kristen er ikkje å ha svar på alt, og det er aller minst å vilja gjennomføra si overtyding med makt og vald. Det er difor heilt meiningslaust å samanlikna ein radikal kristen med radikaliserte eller ekstremistiske muslimar, som meiner seg å ha svar på alt og der heilag krig er vegen til å gjennomføra overtydinga si. Dersom nokon i kristendommens namn opptrer på tilsvarande ekstremistisk måte, er det ikkje fordi dei er radikale – tvert imot. Det er i så fall fordi dei er åndeleg forførte eller psykiatrisk i ubalanse. Det er perversjon av kristentrua.

Den som er radikal kristen, har Jesus om førebilete og er prega av Jesu sinnelag. Då er det ikkje rom for vald og tvang, eller for å sjå ned på andre. Det å vera ein radikal kristen, er ikkje å vera mørkemann, men det er å vera berar av lyset. Det er å sjå livet i lys av æva, og tena mennesket både med tanke på frelsa og livet her og no.

Det har vore ein god del debatt i samband med at Emil Andre Erstad skreiv ein kronikk og har gjeve intervju der han omtalar seg som tidlegare konservativ mørkemann og fundamentalist. Sjølv om han ikkje hadde valdelege intensjonar, samanliknar han sine haldningar og meiningar med radikaliserte muslimar. Den typen samanliknar er han ikkje åleine om, men det vert ikkje rettare om fleire seier det same.

Erstad nemner abort, homofili og alkohol som tema der han har skifta standpunkt. Tidlegare såg han også på menneske ut frå spørsmålet om kor dei var på veg – til himmel eller helvete. Så vidt eg har forstått, hadde han tidlegare ei vanleg kristen oppfatning på alle desse områda, sjølv om han kanskje kunne ordleggja seg litt kvast.

No er Erstad ikkje lenger radikal, men for meg står det som at han har innteke ekstreme standpunkt kristent sett, og at det er ved sine nye standpunkt han er mørkemann – for å bruka hans eigne ord. Kristent sett er det ekstremt å forsvara fri abort, og det er ekstremt å forsvara likekjønna ekteskap. Begge delar bryt radikalt med Guds gode vilje. Det er også ekstremt om ein nedtonar spørsmålet om frelse eller fortaping. Alkoholspørsmålet er i ein annan kategori, men sett i lys av alkoholens skadeverknader, som jo viser seg tydeleg i desse koronatider, er det ikkje ekstremt å vera totalavhaldande frå alkohol. Det er lys, ikkje mørke knytt til det. Faktisk er heller ikkje muslimar ekstreme med tanke på abort, homofili eller alkohol!

Saker og synspunkt vert til tider snudde på hovudet, men då får vi prøva å få dei til å stå rett veg på nytt – det gjeld også det som har med radikal og ekstremistisk å gjera, og det som gjeld lys og mørke.

Johannes Kleppa