I debatten om eventuell samanslåing av Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har eit av tema vore styringsforma til dei to organisasjonane, som er nokså ulik. Det har vorte retta nokså sterk kritikk mot Sarepta si organisasjonsform, særleg det at fire av fem styremedlemmar og ein av to varamedlemmar vert oppnemnde av styre ved sjølvsupplering, medan ein styremedlem og ein varamedlem vert valde av støttemedlemmane på Landsmøtet.
Eg har kommentert denne problemstillinga før, men vil gjera det på nytt. Det har også sin bakgrunn i at Erik Furnes, generalsekretær i ImF, kommenter spørsmålet med ein annan innfallsvinkel i artikkelen «Lærdommer fra Knutby» (Dagen 29/7 -20). Under stikkorda «Selvoppnevnt og selvsupplerende ledelse» påpeikar han at «åndelig lederskap og tilsyn» er heilt sentralt, og at det må vera «åpenhet og gjennomsiktighet om alle valg og disposisjoner». No er eg usikker på kor mykje vi kan læra av det som skjedde i Knutby. Det var ei avgrensa lokal forsamling, ikkje ein landsomfattande organisasjon. Det er tydeleg at leiarskapet i den svenske pinserørsla meiner det som skjedde i Knutby dreier seg om psykiatri, ikkje teologi, jfr. reportasje på Dagens nettside frå Korsets Seier. Om det hadde med styringsstruktur å gjera, er eg svært usikker på det. Derimot er det klart at det var ei lukka forsamling og eit lukka leiarskap. Det med «åpenhet og gjennomsiktighet» er svært viktig, som Furnes påpeikar, men det gjeld uansett styringsform.
Demokratiet sikrar ikkje uheldig utvikling, korkje i samfunnet eller i kristenlivet. Maktmenneske og manipulering kan også få rom uansett organisasjonsform. Dersom ein trur at demokrati avskjer det, syr ein seg ei farleg sovepute.
Bibelen fokuserer ikkje på demokrati eller bestemte organisasjonsformer. Det har difor i evangelisk teologien alltid vorte rekna som eit adiaforon. Det betyr at vi skal bruka sunn fornuft og åndeleg skjønn til å avgjera kva organisasjonsform og styringsstruktur som tener evangeliet best, og med det som byggjer forsamlingar og misjonsarbeid på beste måten. Bibelen fokuserer på kall, nådegåver, åndsutrustning og personleg integritet. Det kan koma til sin rett innan ulike organisasjonsformer. Då vi fekk misjonsorganisasjonar på 1800-talet, valde ein demokratiske organisasjonar, tilsvarande som det var for profane tiltak. I seinare år har ein vald andre organisasjonsformer for nye arbeidsgreiner.
Den mest demokratiske av alle kristne arbeidslag i landet vårt, er Den norske kyrkja. I lang tid hadde praktisk alle røysteføre nordmenn stemmerett der. Det gjekk lenge stort sett bra, fordi soknerådsval skjedde i kyrkja i samband ei gudsteneste. Det var altså dei som var aktive i kyrkja som røysta og som vart valde inn i sokneråda. Seinare har dette endra seg kolossalt, og kyrkjedemokratiet har vorte åndeleg sett svært negativt.
Då Menighetsfakultet (MF) vart oppretta, valde ein ei styringsform med eit sjølvsupplerande forstandarskap som valde styret. Også det gjekk lenge bra, fordi forstandarskapet hadde respekt for MFs åndelege røter, kall og oppdrag. Etter kvart tenkte ein meir breidde, og det heile utvikla seg åndeleg katastrofalt.
Både demokrati og sjølvsupplering er mogleg, og begge delar kan fungera godt. Ingen av delane er fullkome, slik at det kan gå galt med begge. Organisasjonar med omtrent same struktur utviklar også ulik profil, slik vi ser det når vi samanliknar Misjonssambandet og Misjonsselskapet. Dessutan er det slik at demokratiet som er der på papiret og i strukturen, til tider fungerer svært mangelfullt ved at få møter opp på årsmøte og generalforsamlingar. Det er dei mest trufaste og engasjerte som stiller opp, og det er i og for seg greit, fordi då er det dei som ber arbeidet som også styrer. Ved konfliktar hendar det at det skjer moblisering av folk som ellers er lite med i arbeidet.
Den ordninga vi har i Misjon Sarepta, meiner vi ivaretek det at det er dei som er mest berande i arbeidet som har mest dei skulle ha sagt både formelt og uformelt. Det er dei også styret lyttar mest til. Dessutan gjer Landsmøtet tredjekvart år og informasjonsmøte dei mellomliggande åra at det heile er ope og gjennomsiktleg, og der styret må stå til ansvar og slik sett er under tilsyn av misjonsvennene. Det heile baserer seg på kall og åndeleg tillit. Det siste er i siste instans det avgjerande i alt misjonsarbeid, og at alle som er med i arbeidet respekterer det kallet og det åndelege synet som ligg til grunn for at arbeidet vart starta.
Johannes Kleppa