Professor Oskar Skarsaune har skrive ei tankevekkande og ransakande bok med utgangspunkt i Bergpreika og dei første kristne sitt liv, og aktualiserer dette på kyrkje og kristenfolk av i dag, «Etterlyst: Bergprekenens Jesus». Mykje av det Jesus forkynner i Bergpreika, vert nokså radikalt når vi ser korleis dei første kristne forstod og praktiserte det. Etter som kyrkja vart stats- og folkekyrkje, tilpassa ein seg i stor grad det allmenne samfunnet, framfor å vera eit klart alternativ som i den første tida.
Eg skal her berre ta fram eitt moment frå boka, det som er sagt om at dei kristne hadde alt saman, at dei delte «etter som kvar trong det», og at difor var «det ikkje nokon mellom dei som leid naud» (Apg. 2.45; 4.34). Det med «felleseige» vert ofte framstilt som ei form for utopisk kommunisme som raskt opphøyrde. Det stemmer ikkje, seier Skarsaune, som er kyrkjehistoriar og ein av verdas fremste spesialistar på den første kristne tida. Sjølv om dei ikkje selde alt dei hadde, hadde dei den tankegangen at alt var felles og til disposisjon for dei som trong. Dei såg på forsamlinga som eit familiefellesskap.
Dei første kristne tenkte ikkje at det dei åtte, var deira eigedom, men noko dei hadde til disposisjon. Nokre selde for å kunna dela ut, medan andre delte med andre som om dei åtte det felles. Dei som hadde store hus, stilte dei til disposisjon for Guds folk til gudsteneste og til losji for dei som trong. Dei var eitt i sinn og praksis. Dei som trudde på den krossfesta og oppstadne, levde etter hans lover. Det vart sagt om dei: «Derfor forakter de alt annet, og betrakter uten forskjell all eiendom som felles.»
Om dei kristne vart det sagt at dei skilde seg ikkje frå andre når det gjald fedreland, språk og skikkar. Dei budde blant vanlege folk, men skilde seg likevel ut ved si livsferd og sine prioriteringa. Deira vandel var slik at den vakte «allmenn undring og beundring». Dei var i verda, men ikkje av verda. Dei hadde altså ei haldning som gav seg konkrete utslag i broderkjærleik og nestekjærleik. Biskopen, som omtrent svarar til ein norsk sokneprest, hadde eit særleg ansvar for at dei som leid naud, fekk hjelp. Omkring år 250 hadde biskopen i Roma 1500 namn på lista over enker og andre som trong hjelp. Dette var eit så sterkt vitnemål, at folk søkte til Guds folk.
Når Oskar Skarsaune skriv om dette, konkluderer han: «Kort sagt: De tidlige kristne ble lagt merke til, ikke primært ut fra hva de hevdet eller sa, men på grunn av sin livsførsel. Den var oppsiktsvekkende annerledes». Det hadde med den opplæringa som var knytt til dåpen, og som tok Bergpreika på fullt alvor og heilt konkret.
Og då er det vanskeleg å koma unna spørsmålet: Kva med vår livsstil i Overflods-Noreg? Er det å ha eller dela, bruka på seg sjølv eller på andre, som pregar oss som kristne? Er liva våre «oppsiktsvekkende annerledes»?
Johannes Kleppa
Foto: AdobeStock «dele alt»