Alle bibellesarar veit at det står mykje om bønn i Bibelen, og at Guds ord seier dette er ei viktig sak. Det er mange lovnader knytt til bønn, og det er mange formaningar til å be. Kristenfolket veit også at bønn er viktig for at misjonsarbeidet og anna kristent arbeid skal lukkast. Det er ofte vanskeleg å peika på bestemte grunnar for at vekking og fornying skjer, men gjennomgåande er det slik at nokon har bedt.
Når det er slik, er det nesten uforståleg at det vert bedt så lite, at bønn er eit forsømt frontavsnitt i Guds rike. Forklaringa må vera at satan set så mykje inn på å hindra omfattande og vedvarande bønn, og at han lukkast i sin strategi – i alle fall i vårt avkristna Vesten. Han finn på all verdas ting vi må gjera før vi bed, og så forsvinn tida utan bønn.
Det som truleg er lite kjent, er at det går ei bønnvekking over store delar av verda. Særleg i Asia, men også i Afrika og Sør-Amerika, går det som ei bylgje av bønn. Det skjer både som organisert bønnearbeid, spontant og privat. Fleire stader er det kontinuerleg bønn døgnet rundt, og det har halde på i fleire år. Det kan vera fleire tusen menneske som deltek i slik vedvarande bønn. Ved spesielle bønnemøte kan det vera samla fleire titusental i bønn og lovprising.
Noreg og Vesten er i liten grad fanga inn av denne bønnevekkinga, diverre. Rett nok er det tendensar til fornya bønneliv hjå oss også, men samanlikna med tidlegare tider der bønnemøte var ein fast del av arbeidet på bedehuset og i andre forsamlingar, er nok bønnelivet totalt sett redusert. Det er å vona at bønnebylgja slår inn også over våre kystar. På heimesida til Sarepta har det ofte vorte oppfordra til bønn, og det er ei oppfording som stadig må takast oppatt i von om at nokre tek opp dette frontavsnittet som sitt spesielle arbeid.
Det kan vera mange grunnar til at det vert bedt lite, og fleire av desse kan verka «akseptable». Det er lett å finna unnskyldningar for ikkje å setja av tid til bønn, men som oftast har det med prioritering å gjera – og der det åndelege og evige ikkje når opp mot det kvardagslege og materielle.
Eg trur at ein av hovudgrunnane til at vi i Vesten, og kanskje særleg i Noreg, bed så lite, er at vi er så rasjonelt og effektivt orienterte. Vi tenkjer at til meir vi gjer, til betre er det – det må skje på dei strategisk mest effektive måtane. Det er som om arbeidsmengda, også i Guds rike, er det avgjerande – og bønn er liksom ikkje arbeid. Som pensjonist disponerer eg tida mi sjølv, og det er meir enn nok å ta seg til. Når eg tek ei tid med bibel og bønn frå morgonen av, er det lett å tenkja at dette er noko eg gjer «før» eg tek til med (misjons)arbeidet – og etter litt tid i lønnkammeret må eg sjå til å koma meg i arbeid! Då vert bønna forsømt som arbeidsfront i Guds rike.
Johannes Kleppa