Den 31. oktober er dagen for Luthers hammarslag på ei kyrkjedør i Wittenberg. Det er dagen som markerer starten på reformasjonen, som vi i år har 500-årsjubileum for. Dei 95 tesane Luther festa til kyrkjedøra, og med det innbaud til debatt om, gjaldt primært spørsmålet om avlat. Det kan verka som eit noko perifert teologisk spørsmål, men – saman med spørsmålet om skjærselden – er dette eit testspørsmål når det gjeld katolsk lære og tru kontra reformatorisk og luthersk.
Både læra om avlat og skjærseld har med læra om rettferdiggjeringa å gjera. Det var difor Luther sine tesar mot avlaten fekk så stor fylgjer, og som gjer spørsmålet om avlat aktuelt også 500 år seinare. Sjølv om vi ikkje høyrer så mykje om avlat i dag, har den katolske kyrkja ikkje endra lære på dette punktet og det vert praktisert også i 2017 – om enn på langt andre måtar enn på Luthers tid, og utan det pengepresset som var då. Avlat er ei form for gode gjerningar som tel for Gud og verkar positivt på rettferdiggjeringa.
Avlat gjeld altså livet her og no, medan skjærselden gjeld etter døden. Det er ein reinsingsprosess, og den kan vi hjelpa døde gjennom ved messer for dei, altså ei form for gode gjerningar for den døde. Tenesta med messer for døde kan ein nokre stader kjøpa av prestane. Skjærselden har altså med rettferdiggjeringa å gjera.
Det seiest ofte at luthersk og katolsk lære om rettferdiggjeringa har nærma seg kvarandre, og at ein no i prakisis lærer likt om dette eller anerkjenner kvarandre si forståing av rettferdiggjeringa, jfr. felleserklæringa om rettferdiggjeringa. Dersom dette var tilfellet, måtte anten den katolske kyrkja ha forlete alt som har med avlat og skjærseld å gjera, eller så måtte lutherdommen ha teke opp i seg avlat og skjæreld som ledd i rettferdiggjeringa. Sidan ingen av dei to alternativa har skjedd, viser dette at det framleis er som på reformasjonstida, berre i litt ande former.
Prestar og andre som har vore teologisk markante i luthersk samanheng, men som konverterer til Den romersk-katolske kyrkja, synest ikkje å ta på alvor det som gjeld avlat og skjærseld med tanke på rettferdiggjeringa. Dette burde dei utfordrast sterkare på.
Den reformatoriske læra om rettferdiggjering ved tru, treng ikkje og har ikkje rom for avlat og skjærseld – tvert imot undergrev og fornektar dette trusrettferda, altså den tileigna Kristi rettferd. Vi treng med andre ord framleis å lytta til Luthers hammarslag!
Johannes Kleppa