Pride – ei bølge som ebbar ut?

Vi er inne i ei Pride-tid, der alt flyt over av regnbogeflagg og -fargar, og med pridearrangement og -markeringar. Vi vert påtvinga Pride anten vil ha det eller ei. Det heile dreier seg om manipulering og ei totalitær haldning. Det finst ikkje eit fritt rom utafor Pride.

Det vert framstilt som om Pride står for fellesskap og inkludering, men då kan det i så fall ikkje påtvingast folk. Det er det motsette av felleskap og inkludering. Saka er at Pride står for ein ideologi, og det er denne ein vil ha gjennomslag for i samfunnet med honnørord som dei fleste er samde i, men som altså vert misbrukte. Det dreier seg om ein kjønns- og samlivsideologi i strid med biologien og det historisk kjende. Eg skal ikkje utbrodera dette her, men det er kjent for dei som vil vita det. Derimot er det ukjent for dei som berre høyrer honnørord og salgord, og som med det vert manipulerte.

Sjølv om det er lite offentleg motstand mot Pride, og praktisk talt alle som betyr noko i politikk, kultur, media og samfunn generelt går på barrikadane med Pride sine slagord, verkar det som folk flest byrjar å få nok av det heile. Meiningsmålingar viser at folk no synest nok er nok. Oppslutnaden i folket er ikkje så stor som det tek seg ut i det offentlege rommet. Om det har sin grunn i at ein gjennomskuar ideologien og ser at denne er i strid med naturen, eller om det er kort og godt er fordi dei er leie det heile, er ikkje godt å seia. Det er truleg begge delar.

Eg vil tru at mange reagerer på den flaggbruken som no skjer, og argumentasjonen for denne. Det vert sagt at Pride-flagget står for fellesskap og inkludering, men saka er den at det er det norske flagget som har og skal ha denne funksjonen – og berre det flagget. Alle andre flagg er flagg for grupper eller for markeringar. Pride-flagget veiar frå flaggstenger over alt, men ikkje på Stortinget sine stenger. Grunngjevinga er at det ikkje skal vera politiske markeringar på Stortinget sine flaggstenger, og med det har Stortinget definert Pride-flagget som nettopp det det er – eit politiske og ideologisk flagg, ikkje eit fellesskapssymbol..

Den Pride-bølga som no går over landet vårt og Vesten i det heile, er både ubehageleg og destruktiv. Veks bølga seg enda større og sterkare, kan og vil ho ha øydeleggjande konsekvensar for land og folk, slik tsunamiar har. Eg trur likevel at det vil gå med denne bølga, som det no går med den nyateistiske bølga – ho ebbar ut!

Kvifor ebbar den nyateistiske bølga ut, trass i at ho har hatt mange og godt utdanna forkjemparar, og trass i at ho har vunne innpass i alle deler av samfunnet, ikkje minst i oppseding og utdanning? Jo, fordi ho ikkje har livets rett. Ho er ikkje på livets side, ho er ikkje i samsvar med skapinga og skaparlovene. Det er kristen tru, tenking og etikk som er på livets side – sanning og rett, godt og skjønt. Sidan æva er nedlagt i mennesket og mennesket er skapt til samfunn med Gud, har ikkje ei tenking som nektar dette, nok oppdrift og livskraft i seg.

Det har heller ikkje ei rørsle som nektar naturen og biologien, same kor fargerik ho gjer seg og same kva honnørord ho nyttar seg av. Sjølve livet og livsordningane talar mot og verkar med si innebygde kraft mot. Det fører til at fornufta og vitskapen også over tid må avsløra det meiningslause og livsfornektande. I så sentrale spørsmål som kjønn og samliv kan ein over tid ikkje leva på ein skapar- og naturstridig illusjon.

Kanskje tilbakegangen for nyateismen og at folk reagerer mot den voldsomme Pride-markeringa, er eit teikn på at Pride-bølga er i ferd med å nå toppen, og vil avta i åra framover? Det er i alle fall vanskeleg å sjå at ei så naturstridig og destruktiv rørsle kan ha berekraft og livsrett på permanent basis.

Johannes Kleppa